Viser arkivet for desember, 2011

Så stille det blei etter Dagmar!

I kveld er det stille i Fjærland, slik det brukar vere. Folk arbeidar for fullt for å utbetre skadane etter Dagmar. I det stille, effektive, slik dei brukar vere.

Eg var i kaffiselskap juledagen då det byrja blåse. Då det blei mørkt, brukte vi litt tid på å finne igjen sko og jakker før vi kom oss heimover. Dagmar var enno ikkje ferdig å varme opp, så vinden på heimturen var ikkje mykje å snakke om samanlikna med seinare på kvelden. Men det var nok til å skremme dei små barna. Det er ikkje så ofte vinden tek så hardt i Fjærland.

Då barna hadde pussa tennene og var klare til å legge seg, hadde Dagmar auka i styrke. Soverommet til barna rista og svaia, og eg føreslo at vi tok med dyner og sengetøy ned og at dei kunne sove på bestestova, eit forslag dei tok imot med glede! Då var klokka mellom ni og ti om kvelden, og barna somna fort.

Eg blei sitjande oppe utover natta og lytte til radio via mobilnettet, som framleis var oppe. Av og til gjekk eg ut på trappa, eller opp på loftet og lytta på Dagmar. Då det stillna i eitt-to-tida la eg meg sjølv. Då hadde eg lese om nedbroten skog og øydelagte hus på twitter. Ein av dei siste twittermeldingane eg sjølv skreiv var at eg ikkje visste om at det var brote ned skog her i Fjærland.

Morgonen etter såg eg ut vindauga, og sakna epletreet frå utsikta mi, epletreet som er blomstrande motiv på postkort med fjelltoppane i Mundal som bakgrunn. No er det ikkje meir.

Eg tok på meg og gjekk ut. Ute på tunet hadde vinden rive sklia laus leikestativet. Det låg bordbitar frå ein lettvegg tilhøyrande eit uthus. Det låg ei takplate der. Oppe i hagen såg eg enno eit epletre var lagt over ende, rotvelta. Og eit tredje epletre låg mellom husa til naboane, også det rotvelta. Dei tre epletrea hadde ramla i kvar si retning.

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

Alle bilde: Jarle Mundal

På baksida av driftsbygningen mangla det fleire takplater. Heldigvis var det heilt over sauene, så dei ikkje fekk regnet over seg. Kor mykje av høyet som er øydelagt av fukt har eg ikkje oversikt over enno. Eg tok ein runde rundt huset før eg gjekk inn att, og konstanterte at det var reist nokre skiferheller frå taket. Utpå dagen førte det til at det blei vått på badet og i eine trappeoppgangen til loftet.

Skadane på skogen har eg ikkje sett enno, då kneoperasjonen 27. held meg fanga i huset. Men slik eg har fått det fortalt frå augevitne så må det dreie seg om rundt 100 dekar granskog som ligg flat. Om det stemmer representerer det eit visst tap. Å rydde det for å levere er ikkje noko arbeid som ein blir rik på. Men eg kjem til å rydde det som er nærast vegar og som er lettast å rydde.

Elles i Fjærland har det gått med mange tak, mest fjøstak men også hustak. Og store mengder skog. Det omdiskuterte arkitektteikna Fugletårnet på det verna fuglerike våtmarksområdet Bøyaøyri ligg flatt.

Takka vere stor innsats frå folk i bygda fekk vi igjen straumen seint om kvelden 27. desember, to døgn etter han for. Elles hadde vi sannsynlegvis vore straumlause til i dag. Dugnadsinnsatsen frå bygda har spart Sognekraft for minst 200.000 i NVE si kompensasjonsordning, i tillegg til titusenvis av kroner i spart arbeid. Som takk for dette kunne Sognekraft gitt pengane dei har spart til drifta av skulen i Fjærland, som Sogndal kommune tydelegvis ikkje har råd til, fordi dei treng skattepengane frå Fjærland til prosjekt i Sogndal. Eg tenker då særleg på bassenget som treng ei opprustning. Etter Sognekraft si arrogante handtering av straumstansen i sommar, kunne det vore ein god mulegheit for selskapet å få litt goodwill i bygda igjen. Straumstansen i sommar kan du lese meir om i innlegget Kundehandsaming på botnSognabloggen.

Landbruksmeldinga

Kva trur de/meinar de om den nye Landbruksmeldinga? Er det ein svakheit at den ikkje er meir konkret? Er vi fornøgd med sterkare differensering på tilskot, til fordel for ma Vestlandet? Er den berre eit døme på Ap-SP sine festtalar som ikkje kjem til å bety så mykje når landbruksforhandlingane kjem?

På ei spørjeundersøking på Nationen si nettside i går hadde kring 65 prosent av lesarane svart at dei var misnøgde med Landbruksmeldinga. Dei siste 35 prosentane var fordelt på nøgde og veit ikkje. Men Senterpartiet er vel nøgde med meldinga… Kva trur de? Legg gjerne igjen ein kommentar!