Forum: UNDERHALDNING - tekstar - dikt | ||
Ulike tekstar som kan karakteriserast som underhaldning eller tekstar med skjønnlitterær tilnærming.
Torsdag ettermiddag vart det funne eit titalls daude fluger i snøen i Mundal. Flugedøden vert sett i samanheng med daude fuglar som har regna ned over Amerika, Sverige og andre uforståelege geografiske koordinatar siste veka.
Skremmande! seier Johannes, som fann flugene daude i snøen, og tok bilete av dei for Johannes-bloggen. Han har også høyrt om fuglar som regnar frå himmelen i USA, og om mystisk kaie-død i Sverige, som seinare viste seg å vere ein lastebil-massakre, ifylgje TV2. Han er sikker på at fugledauden i Mundal ikkje har ei så morderisk forklaring.
Saka held fram under biletet, slik de er vant til på nrk.no og andre nettsider!
Det vert spekulert både i at flugene har flyge inn i ein rakett nyttårsafta, og at det kan vere eit høgtflygande uver som har teke livet av flugene. Men ifylgje veterinær Anne Viken er ikkje det sannsynleg, då fluger vanlegvis ikkje flyg høgt om vinteren. Obduksjonar av eit hundretals fluger konkluderar med at flugene ikkje har vore utsett for blind vald. Likevel er veterinæren overbevist om at dyremishandling kanskje kan vere årsak til flugedøden. – Det er faktisk muleg at det er fluger i vinterdvale som har vorte kasta ut gjennom loftsvindauga.
Johannes-bloggen kjem til å fylgje opp saka dersom det viser seg at flugedøden har alvorlege konsekvensar for folk i Mundal.
Sjukoluda kloda fikla ut
Proktuder kanke brukla tut
kronor dekra sviktre klut
past dra krivla krotsa ert
finkla sukla drikla kvert
bruntle struntle drikle skjert
fikla krandu briske flat
hanke kordinke satratlat
fiskle brødke stukle ikt
detta var eit haonklaust dikt
Sitje på stein mellom elvar og plukke blåbær rett frå tua.
Lytte til musikken frå små fossar,
og sauebræk….
og helikopterstøy?
Utsetje turen tilbake til sivilisasjonen så lenge som muleg.
Og så kjem sivilisasjonen hit -
i form av helikopterstøy!
Sitje litt til på stein mellom elvar og ete blåbær,
og så springe ned att på stive bein.
I dag snudde eg meg
og sa god dag til høygaffelen.
Eg trudde han var ein person
som stod og observerte meg
medan eg arbeidde.
God dag! sa eg,
men så såg eg at det var bere
gaffelen som stod der
med jakka mi slengt over seg.
Eller eg trudde det var ei greip,
og så sa eg god dag fordi
eg kjende ein slags slektskap?
Men det var ein fin dag,
så korfor ikkje helse?
Det er vel aldri feil å sei god dag?
Eg trur hjorten likar best rundballar om vinteren. Det er vel derfor dei et rundballar der dei kjem til? Her nede i vegkrysset står bukkane oppå haugen med rundballar. Kantane rundt er dekka av pallar og liknande, og derfor hoppar dei like godt oppå, for å få tak i den beste maten dei veit…
Men dei veit ikkje at neste vinter skal eg eta dei til middag om søndagane, eg skal lage biff av dei – for hjortebiff er den beste maten eg veit om vinteren!
Vinteren veks seg stor og teit,
kvit og feit,
glatt og bleik,
best eigna for barneleik
- og dagens vêrpreik.
Kveldssong for deg og meg
Ulven står og hyler
i dei bratte fjell.
Han vert ikkje skoten
men hyler likevel.
Firogtjue kråker
krasja på eit slott.
Endå ei vil krasja
men ho sit like flott.
Du og eg på taket
ler og pratar gull,
har ingen ting å seie
og det vert fyll og tull:
Førsunds fulle geiter
sit og pratar skit.
Alle var blitt banka
hardt før dei kom hit.
Ulven stod og hylte
nedpå Karl Johan.
Alle hadde sett det,
men det var ikkje han.
Eg har av og til gjengjeve sitat frå barnemunn i serien “Gullkorn frå barnemunn”. Kanskje eg skal starte ein ny serie: “Gullkorn frå bønder”? Sist veke arrangerte Felleskjøpet og Forsøksringen våronnmøte i Fjærland. Etter innlegga vart det, som vanleg, stilt gode spørsmål frå fleire dyktige fjærlandsbønder. No skal eg ikkje utlevera nokon her, berre gjengi eit sitat frå ein bonde med glimt i auga.
- Eg for min del bereknar verdien av fridommen og det å vera min eigen herre til 200.000 kroner, sa han. – På den måten kjem eg opp i ei inntekt som ein gjennomsnittleg industriarbeidar!
Fylgjande forteljing bygger på ein artikkel i Sogn Avis for eit par veker sidan. Namna i forteljinga er sjølvsagt oppdikta.
Medan Sture snorka drøymde han at han sat i den store trucken, med dei lengste løftegaflane på, og poserte med denne på asfaltert underlag, løfta opp og ned, medan damene sto og såg på. Nei, dei sto ikkje lenger, dei ropa og sloss, og prøvde komme nærare. Han høyrde ein telefon ringe i bakgrunnen, først svakt, nesten døyvd av dameskrika. Så vart ringelyden sterkare, og damene svakare, og han kjente igjen sin eigen ringetone. Han vanka med eit rykk i stolen der han hadde sovna framfor fjernsynet. – Hallo, kva er det?
- Hei, Sture, det er Henstad, kan du køyra bort på lageret og losse ein bil?
- Hæ? No?
- No ja. Vekte eg deg?
- Du øydela ein god draum, ja. Kan ikkje dette vente til i morgon tidleg?
- Nei, bilen har frysevarer som skal til Sogndal, så han må vidare.
- Då får du ta det sjølv. Eg skal gå å leggja meg.
- Eg kan ikkje. Drakk eit par øl. Og kjerringa, eg har ein slags avtale med henne…
- Drittsekk. Øl og avtale om kos, hæ? Du visste han kom, sant?
Sture heiv på seg motorsykkeljakka, og slengde seg på sykkelen, med kroppsspråk og rørsler for å vise alle kor irritert han var, og vart endå meir irritert over at dette var helt bortkasta – då det ikkje var andre folk å sjå i nærleiken. Til neste gong Henstad ringde, skulle han lyge på seg ei dame og eit par-tre øl han også.
Humøret vart ikkje betre då han svinga inn ved lageret, og såg at det sto ein svart golf parkert akkurat der lasta skulle plasserast. Idiot! Folk trur dei kan parkere der dei vil, ingen har respekt for privat eigedom lenger. Men han skulle vise idioten. Han kopla på dei lange armane på gaffeltrucken, og køyrde mot golfen. Kanskje han like godt skulle plassere den vesle golfen oppå pallane med murstein som stod der? Kva gjorde ein golf her så seint ein laurdasgskveld, forresten?
Han køyrde lastearmane inn under golfen. Ein augneblink fekk han føre seg at bilen rykkte til, men han kunne ikkje forstå at han hadde vore borti han, så det var vel innbilning. Så løfta han bilen opp, og snudde seg for å sjå bakover medan han rygga og snudde trucken. Han tenkte på damene frå draumen. Dette skulle dei sett!
I det same han snudde seg framover att, gløymde han damene frå draumen. Sture kom nok aldri til å hugse draumen med dei tilbedande damene meir. Døra på Golfen hadde opna seg, og ein naken ung mann heldt seg fast i taket på bilen med eine handa og i døra med den andre, og Sture såg at munnen i det raude andletet opna seg i eit sint rop. Det var det eine biletet han såg, ein sprutraud sint ungdom. Det andre biletet han såg var dama som akkurat heldt på å setje seg opp i baksetet på Golfen. Det var eit vakkert bilete, av ei ung, naken dame, nokså ustelt og ruskete i håret, og nokså forvirra i andletet, der ho strekte seg etter klede å dekke seg med. Det første ho fekk tak i var ein liten topp, og biletet skifta frå vakkert til morosamt då ho prøvde å dekke heile seg med det vesle plagget. Sture blei sitjande meir eller mindre i eit slags sjokk og glo til den unge mannen sine høge rop om å setja ned at bilen nådde inn i medvitet hans. Han sette bilen ned att, og såg den spinne seg ut frå parkeringsplassen og forsvann.
Dagen etterpå ringde han Sogn Avis. Det var ei god historie, og sidan det ikkje var mange svarte golfar i bygda, så kunne han gjere hendinga kjent utan å seie direkte kven som var i bilen. Alle visste om at kjæresten til Henstad si dotter køyrde ein svart golf, men berre Sture visste kva jente som hadde vore med i bilen laurdag kveld…
Vi trur ikkje på den amerikanske julenissen her på Øvre Mundal, bruk 1.
- Skal du vera julenisse? spurde eldstejenta. – Nei forresten, eg trur ikkje på julenissen, svara ho sjølv.
Nei, vi trur ikkje på den amerikanske julenissen vi møter på kjøpefestane før jul. Ikkje det, han er snill han, og han deler ut godt også til mine born, sjølv om vi ikkje trur på han. Vi likar han på ein måte, trass i at vi ikkje trur på han.
I gamle dagar var det norske nissar i Norge. Det var nissar i skogen og nissar i fjøsen. Dette har det urbaniserte Norge nesten gløymt. Men kanskje er det nissar i skogane våre enno?
Vi har ein avtale med ein norsk skognisse. Han finn juletre til oss, og legg mandariner og julegodt under det, slik at vi skal finne det rette treet. Det har vorte ein tradisjon borna set pris på, sjølv om eldstejenta i år kommenterte at julenissen hadde same slags julekjeks som mamma hadde baka.
For ho har forstått at heller ikkje skognissen finst anna enn i grenselandet mellom vår fantasi og naturen og kulturen vi er ein del av.
Men i dag, på julafta, feirar vi Jesus-barnet, ikkje julenissen. Julenissen er berre eit amerikansk kommersielt biprodukt.
GOD JUL!
På veg heim til middag såg og høyrde dei to borna ein hjortebukk. Seksåringen meinte den ropa til ein damehjort som stod på andre sida av dalen.
Treåringen påpeika at hjorten var brun. – Og eg likar ikkje brunt! sa ho.
Nyaste kommentarar