Forum: YMSE andre tekstar

Alle andre tekstar

Trøysteord til presten Bonde!

Vikarprest Georg Espolin Johnson frå Hafslo spør i Sogn Avis 12. november om kva som er namnet mitt. Og ditt namn også, sjølvsagt, om du las teksten. Namn er ei alvorleg sak, skriv han. Hans eige førenamn er gresk og tyder bonde. Det gledar han seg ikkje over, for er det noko han ikkje er, så er det bonde! Men dei fleste andre er stolte og glade over namnet sitt, trur han. Det trur eg òg. Ein kan nesten få medkjensle med presten Bonde, trass hans nedlatande haldning til sitt eige namn. Ein kan nesten få inntrykk av at Georg nærast er eit skjellsord for presten Georg. Det er ikkje ei særleg god innleiing på andakten. Det er no ikkje så vanskeleg å skifte namn her til lands. Men eit namneskifte hadde sjølvsagt øydelagt heile andakten.

For å svare på spørsmålet, Georg: Namnet mitt er Johannes. Det er ei latinsk form av det greske namnet Ioannes og tyder «Gud er nådig». I Bibelen er det to kjende skikkelsar som heiter Johannes: Johannes Døyparen, profeten som sa at Messias snart skulle komme til jorda, og apostelen Johannes, den av Jesu venner som stod han nærast. Men sjølv om eg ikkje er prest, ikkje ordinært til det i alle fall, ikkje utdanna heller, forresten, så er eg stolt av namnet mitt. Og sjølv om det ut frå yrke kan tykkjast passande at eg og presten Bonde skiftar namn, så er det for min del heilt uaktuelt. Det andre alternativet, at vi skiftar arbeid, er like uaktuelt for både Georg og meg.

Eg skal sei deg ein ting – eller to – Georg: 1. Å vere bonde er nesten like viktig som å vere prest! 2. Det er kanskje viktigare.

Skrivekurs på Hotel Mundal!

Innlegget under er klipt frå sona “Skriv, vestlendingar, skriv!”:

Skrivekurs
09. – 11.september. 2011 (Start 09.09, kl. 17.00)
Mundal Hotell, Fjærland
Tema: Heltinner i litteraturen
Lærar: Arnhild Skre
Pris: kr 400 for medlemer, kr. 600 for ikkje – medlemer
Eventuelt hotellopphald kjem i tillegg
For dei som ikkje skal bu på hotellet kjem det eit pristilbod på dagpakke (frukt, kaffi, te, m.m.)
Påmelding innan 20. august til
Elsa Norunn Håheim Nydal, tlf 91589073
Sogn og Fjordane Skrivelag
i samarbeid med Bokbyen i Fjærland

Arnhild Skre er historikar, journalist og forfattar. Ho har vore journalist i NRK og i fleire aviser og ho har skrive fleire bøker.
Bibliografi
La meg bli som leoparden: Ragnhild Jølsen – en biografi
Heltinner jeg har møtt
Innvandra mat
Dagmammaer i dagslys

Ein treng ikkje vere medlem i Skrivelaget for å melde seg på kurs, det er ope for dei som har lyst til å setje av ei helg, bu på eit flott hotell, få inspirasjon til å skrive, vere i lag med andre som skriv. Her er rom for dei som har skrive mykje, for dei som berre har skrive litt, for dei som kjenner sterkt på skrivekløe og for dei som lurer på om dette kanskje kan vere noko for dei.

Påmelding kan du gjere til Johannes E. Mundal ved direktemelding her på origo så snart som muleg!

Olaug A Haugen

Oppsummering av handball-EM

Eg høyrde på P1 i går kveld, og kom i skade for å få med meg handball-kommentatorane si oppsummering av handball-EM. Den var omtrent slik:

Og så slo vi svenskane, og då er det det same for meg om det er i håndball eller lommetennis, det er like herlig begge deler!

Om P1 sine kommentatorar spelar lommetennis medan dei kommenterar handball så treng ikkje eg vite noko om det!

Fyrer med ved...

Eg held varmen med ved om kveldane, og dagane også, når eg er i nærleiken av huset. Eg sparar det eg kan av straum eg. No høyrer eg det er tomt for ved mange plassar. Eg har meir enn eg sjølv og dei faste kundane mine brukar. Så om du treng ved, og køyrer forbi Fjærland: ta kontakt!

3 personer fra byen Fjærland

Finn 7 feil i denne teksten!

Heisann Johannes Eggen

Vi har trukket ut 3 personer fra byen Fjærland – er du en av dem?

1. David Jensen
2. Johannes EggenMundal
3. Jette Hansen

Hvis du er en av de ovenstående personer så er du kommet til finalen i Klimaundersøkelsen og kan vinne lekre premier, som en miljøvennlig flatskjerm-TV til 8.000 kr!

Du mottar denne e-posten, fordi du har deltatt i en konkurranse
eller undersøkelse på internettet.

1) Fjærland er ikkje by. Fjærland er ei lita bygd der alle kjenner alle.

2) David Jensen bur ikkje i Fjærland, og Fjærland er ikkje by, men ei lita bygd der alle kjenner alle, og det er derfor ikkje muleg å lyge inn ein David Jensen.

3) EggenMundal skal skrivast med mellomrom mellom Eggen og Mundal.

4) Jette Hansen bur ikkje i Fjærland, og Fjærland er ikkje by, men ei lita bygd der alle kjenner alle, og det er derfor ikkje muleg å lyge inn ei Jette Hansen!

5) Eg har ikkje meldt meg på til Klimaundersøkelsen

6) Å kaste ut ein gamal godt brukande tv for å setje inn ein ny tv er uansett ikkje miljøvennleg.

7) Eg har ikkje delteke i dykkar konkurransar eller undersøkingar på internettet.

Dette var faktafeila. Språkfeil og gramatiske feil kan du finne sjølv.

Brev til Skatt Verst

Til
SKATTEETATEN
SKATT VEST
Sakshandsamar Kjersti Fløysvik Berg
Postboks 8103
4068 STAVANGER

Eg viser til dykkar brev, datert 20.10. tjueti, frå sakshandsamar Kjersti Fløysvik Berg, med referansenummer 3995403, der de de purrar på tidlegare brev vedrørande manglande kontonummer, og viser til forskrift $ 14-1-1første ledd, bokstav c, som seier at verksemda sitt bankkontonummer skal registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret, og kjem til å bli brukt dersom eg skulle ha meirverdiavgift til gode.

Mitt kontonummer er: XXXX.XX.XXXXX

Dette gjeld altså enkeltmannsføretaket registrert på Johannes Eggen Mundal, med organisasjonsnummer som referert over. Mitt fødselsnummer er 090168 xxxxx, i tilfelle de treng det også.

Mvh.

Johannes Eggen Mundal

Skrivekurs

Sogn og Fjordane skrivelag inviterer med dette til kurs på Nordfjordeid laurdag 30. og sundag 31. oktober. Kursstad er Bryggen hotell på Nordfjordeid.

Vi har lagt opp til eit kurs der kvar og ein kan arbeide med eigne tekstar/skriveprosjekt, og legg opp til samlingar der vi les og diskuterar tekstar etter ynskje og behov. Kurset skal ha fokus på eiga skaping og produksjon, og er tenkt som eit inspirasjonskurs for vidare skrivearbeid. Som ein del av dette vil vi utfordre kursdeltakarane til å bidra med 5-minuttars innlegg om sin skrivekvardag, med stikkord som skaparglede, skriveglede, skrivevrede, skrivesperre, dørstokkmili, forfattarspiren inne i ein osv. osv. Vi vil oppfordre til at flest muleg deler litt av sine eigne skriveerfaringar. Dette vert sosialt og moro!

Kursavgifta inklusive hotell med full pensjon blir på rundt 2000 kroner for enkeltrom, og rundt 1800 per person på dobbeltrom. Dette er ei rimeleg investering for folk som likar å skrive, og som har ting liggande som dei kanskje vil gjere meir utav, eller som har konkrete planar og skriveprosjekt liggande i bakhovudet. Meld dykk på til underteikna via ei direktemelding her eller ei direktemelding på twitter. (Følg meg på twitter: @MANNmedGREIP)

Og for all del: Del dette innlegget via alle kanalar (Facebook, twitter, e-post osv) – sjølv om du sjølv kanskje ikkje kan denne helga. Den låge kursavgifta kjem av at vi ikkje brukar pengar på annonsering.

Sauesanking frå Mundalsfjellstølen

Eg og min far var på fjellstølen og henta sauene i dag. Mundalsfjellstølen ligg i vakkert gamalt bonde-kulturlandskap i Fjærland. Her beitar framleis både kyr og sau og held landksapet nokolunde ope. Det tek ikkje lenge før ei slik dal gror att når beitedyra blir borte.

Biletserie med 3 bilete — bla med å trykkje på pilene

Rundballefestivalen 2010

Rundballefestivalen er over for denne gong. Eg syns arrangementskomiteen har gjort ein kjempejobb med både planlegging og gjennomføring. I tillegg var det sol og fint vêr på laurdagen så lenge arrangementet var på ferjekaien.

Under den tredje internasjonale rundballefestivalen var det ei uoffisiell publikumskåring av Fjærlands beste mjølk. Ikkje internasjonalt det, men for Tine var det nasjonalt sett noko heilt nytt, nybrotsarbeid. Mjølka som vann er produsert på gardsbruket som har dyrkajorda si nærast Jostedalsbreen, Nedre Supphellen. Kor mykje har jordsmonn og jorda på garden med smaken på mjølka å gjere? Det syns eg er eit interessant spørsmål!

Vinnarane av Rundballe-vm: Les artikkelen til NRK Sogn og Fjordane.

Meir medieomtale av rundballefestivalen finn du mellom anna her:

Norsk Landbruk

Bondelaget: Da badla seg for bygda og badl

Dei to videoane som delte førsteplassen i konkurransen:

Gøy på landet! nærmar seg 9.000 visningar på youtube!

Paint ball

Heimesida til rundballefestivalen: http://rundballefestivalen.no/

Flautt, NRK sfj!

Eg vil påpeike at fylgjande innlegg er så sakleg som det etter omstenda er muleg å vere etter å ha høyrt Birger Meland på NRK Sogn og Fjordane ein dag fyren er opp mot sitt beste – som desverre ikkje er særleg bra!

Vidare vil eg seie at eg ikkje forstår korfor det alltid er Meland som er på lufta når det er ei storhending her i fylket som skal sendast på riksradio. Hadde det ikkje gått å bruke nokon som ikkje gjorde oss flaue av å vere sogn-og-fjording?

Denne veka var det dronninga Meland fjolla seg til med, og flaua oss ut på. Tenk at fyren gjekk over til håplaust knotande austlandsk fjolleprat når han skulle stille HMD eit spørsmål. Ho som er vant til å omgås folket! Ho som tom godt forstår fjærlandsk! Fytt i grisen kor flaut, NRK sfj. Send ein anna reportar når ikkje fjolleprat heilt passar inn, ver så snill!

Something is technically wrong.

Nokon som veit kva som er feil når eg får meldinga “Something is technically wrong.” på Twitter? Eg har fått denne meldinga kvar gong eg har prøvd å gå inn på Twitter siste to døgna.

Skrivekurs i Førde.

På Førde Hotell helga 19. – 21. mars. Startar kl. 17.00 fredag ettermiddag.

LÆRAR: FRIDTJOV URDAL

Skrive forteljing, sketsjar, songar mm. over eit tema.
Kva vi vil fortelje og korleis vi vil fortelje. Tema – historie – vendepunkt – finale. Å setje punktum i tide, når nok er sagt.

Kursavgift: 600 kr. (400 for medlemmer).
Eventuelt hotellopphald kjem i tillegg, og for dei som ikkje bur på hotellet tek hotellet ein dagpakkepris på 55 kroner.

Påmelding seinast 14. mars til underteikna.

Spørsmål om kurset kan postast som kommentar her, eller direktemelding til underteikna.

Annonse