Forum: GULLKORN frå barn

Sitat, påfunn og morosame situasjonar.

...som ikkje heng saman med vår jord!

Øyer er det ikkje så mange av inst i Fjærlandsfjorden. Ingen faktisk. Så når fireåringen er på tur og får auga på øyer ute i Vartdalsfjorden, kjem det frå baksetet:

- Pappa, sjå der ute i vatnet! Det er tre jorder der som ikkje heng saman med den jorda vi er på!

Claus - eller ekte nisse?

Fireåringen hadde gått opp på ein kalkdunge som ligg ved bygdevegen. Det køyrer ein bil forbi, og barnet kjem springande til meg. Det er tydeleg noko å fortelje.

- Det køyrde ein bil forbi, og det var ein mann med masse skjegg som køyrde!

- Ja, eg trur det var Claus, sa eg.

- Han vinka til meg, sa fireåringen.

- Javel.

- Eg trur det var nissepappaen!

Trur du kalvane i fengselet saknar meg?

- Pappa, eg fann denne leikebåten, den hadde du då du var liten, sa fireåringen. – Korleis veit du det? spurde eg nysgjerrig. – Eg hugsar eg såg du leika med den, svara barnet. – Det kan ikkje du hugse, forstår du! – Nei, sa barnet, – det var kanskje noko eg drøymde.

- Pappa, trur du ku-ungane saknar meg? – Ku-ungane? Om kalvane saknar deg? – Ja, kalvane som står i fengselet der vi var i dag. – I fengselet? Meinar du fjøsen? – Ja, fengselet! – Ja, kanskje dei saknar deg, svara eg.

- Har du tissa på golvet? spurde eg. – Nei, svara fireåringen. – Kven er det då som har gjort det? – Eg trur det var ein elg. – Kven sa du? – Eg trur det var ein elg!

Å målbinde julenissen

Eg trur det var den ekte nissen. Men clementina i godteposen var mygla. Og det smaka myggel av rosinene også, og litt mygla smaka det andre godtet også. Og det hang ein nisse i eit tre. Den ekte nissen sa at det var bror hans. Korfor er han så stille då? spurde eg. Han blir så stille når han frys, sa nissen. Korfor er han så rosa i kjakane då? Vi nissar blir rosa, når vi frys, sa nissen. Korfor er han så liten, då? Han har ikkje større føter enn veslebroren min! Då svarte ikkje den gamle nissen meir…

Ein Ole Ivars-latter!

Då eg kjøpte “ny” bruktbil i vår fulgte det med ein kopi-cd med Ole Ivars. I mangel av anna musikk i bilen sette eg plata i spelaren og skrudde på lyden. I baksetet sat tre barn. Det sette i å le i det same Ole Ivars tok til å synge, og dei lo høgt og rått i fleire minutt før dei klarte å stoppe.

Er det tekstane til Ole Ivars som er så morsomme, eller er det musikkstilen dei syns er så morsom, lurte eg på. Plutseleg slo det meg: Det er ikkje rart barna ler, om ein lyttar til Ole Ivars tekstar så har dei eit språkleg nivå heilt på høgde med 5-7-åringar. Og humoren i tekstane ligg kanskje nærare minstemann sitt nivå…

Nei, ikkje rart dei lo!

...og då er dokka òg skeiv!

Eg forklarte kort korleis vateren skulle brukast: Når bobla er midt mellom strekane, då er det beint; då er det i vater. Men her er verken veggar eller golv i vater. Barnet skulle sjå korleis golvet var, og prøvde vateren under ein benk på kjøkenet:

- Her er golvet skeivt! Då er sikkert benken skeiv òg! Og om benken er skeiv, då er dokka òg skeiv!

Sjå regndropane dansar!

Sjå pappa, sjå regndropane som dansar på bilvindauga! Dei står i kø, dei er mange, og no dansar dei bortover! Sjå, pappa! Og jenta tek til å synge medan regndropane dansar bortetter bilvindauga. No er det ikkje så mange lenger, men dei dansar likevel! – Ja, svarar pappaen, det har slutta å regne forstår du, barn!

Sjå pappa, sjå denne steinen, så skarp den er! – Ja, svarar pappaen, visste du at i steinalderen så brukte dei steinar til reiskap? Og han forklarar korleis steinane kan slipast så dei vert skarpe og brukande til både knivar, økser og spydspissar. Og barnet set i gong med å slipe den skarpe steinen mot ein stor stein i tunet. Det luktar brent stein. Plutseleg ropar det andre barnet:

Åårghh, DU DRAP EIN TISSEMAUR! Sjå, du drap ein tissemaur! Pappa, sjå! – Ja, svarar pappaen, blei du lei deg for det? Ja, svarar barnet, for ho ville kose med mauren, seier ho – og vise det eldre barnet at å halde ein maur ikkje er farleg.

Pappa! Hallo, pappa! Hallo? HALLOOO? Det vesle barnet står med barnepassaren som ein telefon i handa, og ropar høgt. Men det er ingen som svarar. Han ser på det vesle apparatet, så ser han på pappaen sin og seier: Pappa, fonen din vilkal isje!

Pappa, det finst hundre, og så finst det hundre millionar! seier den vesle – Det finst mykje større tal også, seier den største. Ja, svarar den mindre. Det finst hundre, og så millionar, og så finst det mark! – Men det finst mykje større tal også, sant pappa? – Kva heiter det største talet då? spør pappaen. – Veit ikkje, men det talet har plass til heile verda!

Alle desse barnesitata er delvis lånte frå barn, delvis omskrive av meg.

Dette er ein del av innlegget Livets kontrastar på Sognabloggen

Eit lite eventyr

Dei var ein gong to prinsesser, den vesle og den store, som budde saman med kongen på slottet. Kvar kveld når dei skulle legge seg las kongen for dei to prinsessene. Annakvar kveld fekk den vesle velje kva bok dei skulle lese, og annakvar kveld fekk den store velje.

Men kongen var litt gløymsk av seg, og nokre gonger var det ingen som hugsa kven sin tur det var å velje bok. Då trekte dei lodd om det.

Så var det ein kveld at kongen ikkje hugsa kven sin tur det var. – Skal vi trekke då? spurde han. – Eller er de einige om kven som skal få velje bok i dag?

- Eg er ueinig! sa den store.

- Kva er du ueinig i? spurde kongen.

- Eg er ikkje einig! Eg vil vi skal trekke! sa den store, medan den vesle sat stille og tenkte. Plutseleg seier den vesle prinsessa til den store: – Du kan velje i kveld!

Kongen såg også på den store prinsessa si. – Er du framleis ueinig? spurde han. Det var ho. Og så trekte dei lodd! Og den store vann. Etterpå las kongen for den vesle prinsessa og den store prinsessa heilt til dei somna!

Korleis skal eg læra å køyre då?

Sagt av femåring i bilen:

- Pappa, kan eg sitte framme med deg?

- Nei, svarar faren.

- Men det er lenge sidan eg sat framme!

- Du sit best der bak!

- Men… kor tid skal eg få sitje framme då?

- Du kan vel sitje der bak, det er der barnesetet ditt er!

- Ja men, pappa – korleis skal eg læra køyre då, om eg aldri får sitje framme?

Nye gullkorn frå barnemunn

Vi skulle kjøpe tannkrem.
- Ikkje Postman Pat-tannkrem. Den er ekkel! Den smakar faktisk Postman Pat!

- Pappa, når eg skal starte i skulen så må du skrive ein lapp med beskjed til skulen…. Du må skrive at eg ikkje veit kva eg skal gjere på skulen, fordi eg ikkje kan lese enno!

Det fins berre ein av meg

Systrene hadde visst ein viktig diskusjon på gang.

- Det var eg som gjorde det, sa den vesle. – Eg stod her, og det var det som skjedde. Og eg er meg, og det fins berre ein av meg, meinte ho. Dei var inne, men ho brukte ikkje innestemme. Diskusjonen var varm.

- Ja, sa den store like høglydt. – Du er deg, og det er berre ein av deg. Så senka ho stemma til mumling, og la til: – Trur eg, i alle fall!

Ein til:

Om morgonen veslejulafta blei eg utsett for eit Astrid Lindgrensk skjellsord: – Fåreskalle, sa fireåringen.

- Kva sa du?

- Fåreskalle!

- Kor i all verda har du lært det? spurde eg, og svaret var eit anna enn eg hadde tenkt ut på førehand: I ein Maddiken-film, sa fasiten. Og då var det ikkje heilt lett for ein far å halde seg alvorleg.

God jul til alle fedre, foreldre, besteforeldre – og alle andre medlemmer og lesarar av denne bloggen!

Les gjerne også Ei lita juletreforteljing, som eg la ut på bloggen her i fjor.

Ein sakna tyggis

Fleire gullkorn frå barnemunn

Tyggegummi skal alltid kastast i bosset når dei vert tekne ut av munnen, hadde faren alltid sagt. Men det vart ikkje alltid gjort slik. Ein laurdag, t.d. i kveld, hadde plutseleg toåringen ein tyggis i munnen. Brrops, sa han, då faren spurde kva han hadde i munnen. Men det var ikkje drops. Kor hadde han fått tyggisen frå? Etter litt om og men vart det klart at storesøstrene sine ferdigtygde tyggegummiar ikkje hadde hamna i bosset likevel. Kanskje det var fleire tyggegummiar på frifot enn den som hadde hamna i veslebroren sin munn? Korleis skulle dei finne desse?

- Dersom vi trakkar på noko klissete, seigt og kvitt, så har vi funne ein tyggis, føreslo fireåringen då eg prøvde å spørre dei ut kor dei hadde lagt dei frå seg.

Annonse