Forum: KOMMENTARAR - samfunn - politikk | ||
Kvar er den norske solidariteten vi skryt av i det sosialdemokratiske, sokalla raudgrønt styrte landet vårt? Vi kastar ut uskuldige born som snakkar perfekt norsk og har budd heile livet i Norge, medan den eine representanten for regjeringa etter den andre fråskriv seg ansvaret for den totalt empatilause handaminga av borna, og seier det er foreldra si skuld.
Då eg for to år sidan i eit innlegg i BT skulda den norske regjeringa for å bryte FN sin barnekonvensjon, hadde eg venta å få motstand mot den påstanden. Det var berre slike som Nina Karin Monsen som hadde skulda regjeringa for slikt før det. Eg fekk berre gode tilbakemeldingar for det innlegget, og ingen stilte spørsmål ved påstanden om at Norge bryt Barnekonvensjonen. No står fagperson etter fagperson frå ulike fagområder og etatar som har med barn å gjere fram i media og seier det same: Norge bryt Barnekonvensjonen og andre internasjonale konvensjonar i si handsaming av barn.
Den hjartelause og kalde måten norske styresmakter har godkjent som metode for å bryte ned menneskeverdet, sjølvbildet og sjølvkjensla til barn er svært likt psykopaten si bereknande, kalde og empatilause nedbryting av menneske dei ikkje likar, eller som berre tilfeldigvis står i vegen for at psykopaten skal oppnå det han ynskjer i sine egoistiske ambisjonar.
Uansett kva einskilde foreldre har gjort feil så har ikkje den norske stat rett til å handsame uskuldige barn på ein slik måte! Bortforklaringane og det å overføre skulda for brotsverka til andre er også typisk psykopaten, på same måten som det å setje seg over lovverk og reglar, i dette tilfelle Barnekonvensjonen, er typisk for psykopaten.
Psykopatar i skikkelse av einskildpersonar vert dømde for ugjerningar dei har gjort. Det hadde ikkje vore feil om ein slik praksis med psykiske overgrep mot barn gjort av ein stat vart straffa av eit internasjonalt regelverk. Og internasjonalt er det vel ikkje så lett å få gjort om ein diagnose til schizofren paranoid heller…
I kveld er det stille i Fjærland, slik det brukar vere. Folk arbeidar for fullt for å utbetre skadane etter Dagmar. I det stille, effektive, slik dei brukar vere.
Eg var i kaffiselskap juledagen då det byrja blåse. Då det blei mørkt, brukte vi litt tid på å finne igjen sko og jakker før vi kom oss heimover. Dagmar var enno ikkje ferdig å varme opp, så vinden på heimturen var ikkje mykje å snakke om samanlikna med seinare på kvelden. Men det var nok til å skremme dei små barna. Det er ikkje så ofte vinden tek så hardt i Fjærland.
Då barna hadde pussa tennene og var klare til å legge seg, hadde Dagmar auka i styrke. Soverommet til barna rista og svaia, og eg føreslo at vi tok med dyner og sengetøy ned og at dei kunne sove på bestestova, eit forslag dei tok imot med glede! Då var klokka mellom ni og ti om kvelden, og barna somna fort.
Eg blei sitjande oppe utover natta og lytte til radio via mobilnettet, som framleis var oppe. Av og til gjekk eg ut på trappa, eller opp på loftet og lytta på Dagmar. Då det stillna i eitt-to-tida la eg meg sjølv. Då hadde eg lese om nedbroten skog og øydelagte hus på twitter. Ein av dei siste twittermeldingane eg sjølv skreiv var at eg ikkje visste om at det var brote ned skog her i Fjærland.
Morgonen etter såg eg ut vindauga, og sakna epletreet frå utsikta mi, epletreet som er blomstrande motiv på postkort med fjelltoppane i Mundal som bakgrunn. No er det ikkje meir.
Eg tok på meg og gjekk ut. Ute på tunet hadde vinden rive sklia laus leikestativet. Det låg bordbitar frå ein lettvegg tilhøyrande eit uthus. Det låg ei takplate der. Oppe i hagen såg eg enno eit epletre var lagt over ende, rotvelta. Og eit tredje epletre låg mellom husa til naboane, også det rotvelta. Dei tre epletrea hadde ramla i kvar si retning.
Alle bilde: Jarle Mundal
På baksida av driftsbygningen mangla det fleire takplater. Heldigvis var det heilt over sauene, så dei ikkje fekk regnet over seg. Kor mykje av høyet som er øydelagt av fukt har eg ikkje oversikt over enno. Eg tok ein runde rundt huset før eg gjekk inn att, og konstanterte at det var reist nokre skiferheller frå taket. Utpå dagen førte det til at det blei vått på badet og i eine trappeoppgangen til loftet.
Skadane på skogen har eg ikkje sett enno, då kneoperasjonen 27. held meg fanga i huset. Men slik eg har fått det fortalt frå augevitne så må det dreie seg om rundt 100 dekar granskog som ligg flat. Om det stemmer representerer det eit visst tap. Å rydde det for å levere er ikkje noko arbeid som ein blir rik på. Men eg kjem til å rydde det som er nærast vegar og som er lettast å rydde.
Elles i Fjærland har det gått med mange tak, mest fjøstak men også hustak. Og store mengder skog. Det omdiskuterte arkitektteikna Fugletårnet på det verna fuglerike våtmarksområdet Bøyaøyri ligg flatt.
Takka vere stor innsats frå folk i bygda fekk vi igjen straumen seint om kvelden 27. desember, to døgn etter han for. Elles hadde vi sannsynlegvis vore straumlause til i dag. Dugnadsinnsatsen frå bygda har spart Sognekraft for minst 200.000 i NVE si kompensasjonsordning, i tillegg til titusenvis av kroner i spart arbeid. Som takk for dette kunne Sognekraft gitt pengane dei har spart til drifta av skulen i Fjærland, som Sogndal kommune tydelegvis ikkje har råd til, fordi dei treng skattepengane frå Fjærland til prosjekt i Sogndal. Eg tenker då særleg på bassenget som treng ei opprustning. Etter Sognekraft si arrogante handtering av straumstansen i sommar, kunne det vore ein god mulegheit for selskapet å få litt goodwill i bygda igjen. Straumstansen i sommar kan du lese meir om i innlegget Kundehandsaming på botn på Sognabloggen.
Kva trur de/meinar de om den nye Landbruksmeldinga? Er det ein svakheit at den ikkje er meir konkret? Er vi fornøgd med sterkare differensering på tilskot, til fordel for ma Vestlandet? Er den berre eit døme på Ap-SP sine festtalar som ikkje kjem til å bety så mykje når landbruksforhandlingane kjem?
På ei spørjeundersøking på Nationen si nettside i går hadde kring 65 prosent av lesarane svart at dei var misnøgde med Landbruksmeldinga. Dei siste 35 prosentane var fordelt på nøgde og veit ikkje. Men Senterpartiet er vel nøgde med meldinga… Kva trur de? Legg gjerne igjen ein kommentar!
Eg må innrømme at eg har problem med å forstå at mange menn offentleg seier det er heilt greit at den gråtande, livredde soldaten Alice Asplund (23) blei tvunge til å kle seg naken framfor befal og tretti mannlege soldatar. Er det liksom greit å tvinge kleda av ei gråtande og livredd jente fordi ho sjølv har valgt å gå inn i miilitæret? Kva er i så fall skilnaden mellom å tvinge kleda av ei gråtande, livredd jente i militæret og ei gråtande livredd jente på ein privatfest, eller i ei bakgate? Kva har gått feil med samfunnet når menn meinar det er OK å behandle kvinner slik? Kva er feil i hovudet på menn som syns det er OK å bruke tvang mot ei livredd, gråtande jente, og brukar twitterkontoen sin til å forsvare overgrepet?
Er dette overgrepet heilt greit fordi det ikkje var eit seksuelt overgrep? Etter å ha teke avstand frå befalet sin manglande menneskekunnskap på twitter har eg fått tilbake kommentarar som dette: “Ikkje det minste synd på den jenta. I militæret er alle like. Skulle befalet snudd ryggen til i strid, for å ikkje sjå pupp?” og “Kva var elles poenget? Hadde ho t.d. hatt fobi mot å gjera opp eld i skogen, då hadde ho vore tenesteufør.” og “Var betre neste gong å ha to eller tre jenter på same øvinga, så ei ikkje står isolert aleine.”
Og når denne “befalen” sine handlingar, som viser total mangel på menneskekunnskap, folkeskikk og empati, i tillegg til mangel på evne til å vurdere og å tenke sjølv, blir teke fullstendig avstand frå av forsvarssjef Harald Sunde, kjem denne kommentaren: “Er nok ueinig med Sunde. Forsvaret vert 4H-leir med låg treskel og ordrenekt for alt ein ikkje har lyst å gjere :-)” Eg har stilt spørsmål til vedkommande korfor han meinar det er meir greit å tvinge ei livredd, gråtande jente til å kle seg naken framfor ein flokk menn dersom det skjer i regi av militæret og ikkje i regi av 4H. Får sjå i morgon om eg får svar på det.
Eg ser også at menn gjer samanlikningar mellom denne saka og NRK3-programmet Trekant. Det vert jo heilt feil. Trekant handlar om seksualitet og seksualopplysning. Kva har seksualitet å gjere med at ei ung, livredd kvinne vert tvinga til å kle av seg? Ingen ting!
Heldigvis er det fleire menn som reagerar med å ta avstand til befalet i denne situasjonen. Men det er likevel skremmande at nokre vel å forsvare handlingar blotta for empati og total mangel på respekt for den unge soldaten.
Noko er feil med haldningane hos nokre menn. Det har vore eit tema i mediediskusjonen rundt overfallsvaldtektene og valdtekter generelt. Det har blitt sagt at det er viktig å starte eit haldningsskapande arbeid blant unge menn, særleg ikkje-norske. Denne saka stadfestar at det er like viktig å skape gode haldningar også hos etnisk norske menn. Både menn i militæret og menn på twitter!
Nei, eg samanliknar ikkje det Alice Asplund har opplevd med valdtekter. Men eg samanliknar haldningane hos befalet i denne saka og dei som forsvarar slike haldningar med haldningane hos dei som syns det er heilt ok å rive kleda av ei livredd, gråtande kvinne på gata. Eg ser ikkje skilnad på haldningane, sjølv om det er skilnad på overgrepa.
Jonas Gahr Støre skreiv akkurat denne twittermeldinga: “Har informert EU om at Norge etter to faktamøter fortsatt ikke er rede til å innføre EUs postdirektiv.” Eg får eit klart inntrykk av at han beklagar dette, og at han førespeglar at han og Norge snart er klare til å innføre direktivet. “Vi er fortsatt ikke rede” peikar framover mot eit punkt i nær framtid då han reknar med vi skal innføre det omstridde direktivet? Fortsatt ikkje, men snart? Eg berre spør?
Giske kjem med sterk kritikk mot Telenor fordi mobilnettet var ute nokre timar her ein dag. Vi er så avhengige av mobilnettet, seier han. Dette går ikkje an! seier han.
Telenor svarar at dei har planar om å utbetre nettet, og gjere det sikrare. Men det kostar pengar, og telegiganten meinar at skattebetalarane skal vere med å betale dette. For vi må jo forstå at Telenor er på Børsen, og at Telenor si oppgåve er å tene pengar for eigarane.
Derfor har dei altså ikkje råd til å utbetre nettet, og meinar det er skattebetalarane som skal punge ut?
I forkant av landbruksoppgjeret kom det landsmøteuttalar om satsing på landbruk og betra økonomi i næringa frå dei raud-og-såkalla-grøne (Grøne? Lat oss kalle det Dei daudgrøne og solidaritetslause). Dette skapte optimisme i næringa. Ein gløymer så lett at det har vorte ein vane at festtalar er gløymde når politikk vert forma. Bondeorganisasjonane gjekk ut med krav om lågtlønnsauke og kompensasjon for den store auken i utgifter som absolutte krav. Men som vanleg endar det med at Bondelaget godtek statens tilbod, litt oppjustert, slik regjeringa har bestemt før tilbodet vert lagt fram.
Medan regjeringa, ved SP-landbruksministeren, let Bondelaget tru at forhandlingar fører til at resultatet blir noko betre enn tilbodet, så forstår vi andre at sluttresultatet er bestemt før tilbodet frå regjeringa kjem. Bonde- og småbrukarlaget braut forhandlingane. Men Bondelaget vel å signere på vilkår dei på førehand har sagt er alt for dårlege, og som resulterar i vidare nedlegging av norsk landbruk. Er det Bondelaget sin definisjon på å ta ansvar? Etter å ha signert vel dei å fråskrive seg ansvaret ved å sei at det dårlege resultatet dei har signert på er Ap sin feil! Når Bondelaget går med på eit oppgjer som er så lågt i forhold til kravet, er dei med på å bidra til å oppretthalde negative myter om norske bønder. Først går dei ut med høge krav, men medan medlemmene tel på knappane om dei skal halde fram som bønder eller ikkje, skriv Bondelaget under på ein avtale som får mange av medlemmene til å kaste inn handkledet, og fører til andre sin konkurs! Eg meinar Småbrukarlaget viser større ansvar for norsk landbruk når dei bryt forhandlingane!
Årsaken til at Bondelaget skriv under på det dei sjølv seier er dårlege avtalar ligg tydeleg i dagen: Eit brot ville vere ein konflikt med SP. Det ville sett fokus på at bondepartiet er meir oppteken av å bli verande i posisjon enn dei er av landbruket si framtid. Ein kan stille spørsmål om Bondelaget ofrar bøndene for å ikkje sette SP i forlegenheit? Eg trur norsk bønder hadde tent på både at Bondelaget hadde signalisert korleis tilstanden er i næringa og på ei konflikt mellom Bondelaget og SP. Men det samstemde mantraet frå duoen Bondelaget-SP er at alternativet er så mykje verre. Korleis mykje verre? At dei blåblå vil klare å legge ned norsk landbruk raskare enn dei daudgrøne? Er det eigentleg så stor skilnad på SP og dei blå sin landbrukspolitikk? Begge legg opp til ein politikk der dei store skal bli større, og dei små blir borte, eller går inn i store samdrifter eller blir leigejord. Det er utviklinga i dag, utan FrP. Skilnaden mellom Liv Signe Navarsete og Frank Willy Djuvik sin landbrukspolitikk kan ein illustrere med ei bilete ein unge bonde ga landbruksforskar Svenn Arne Lie på eit landbruksseminar: – Det er det same om hovudet vert halde 30 eller 50 cm under vatn, sa han – ein druknar uansett! Bondelaget vel å støtte politikken til dei som held bonden 30 cm under vatn, og seier at 50 cm er mykje verre!
Ut frå argumentasjonsrekka over måtte eg sjølvsagt melde meg ut av Norges Bondelag. Eg kan ikkje lenger late Bondelaget bruke mi røyst til å underteikne på auka nedlegging av norsk landbruk, og oppmodar andre bønder som ikkje vil ha sin signatur under nedlegginga av norsk landbruk om å gjere det same. Men eg melder meg ikkje ut av landbruksdebatten, slettes ikkje, sjølv om nokre kanskje vil plassere meg på sidelina etter dette.
Johannes Eggen Mundal, tidlegare styremedlem og bondelagsleiar i Fjærland.
Lensmannen i Førde gav uttrykk for at forbodet mot tomgangskøyring gjeld dersom sunn fornuft tilseier det. På NRK Sogn og Fjordane onsdag 29. desember snakkar lensmannen i Førde rett ut: Det er forbode å late bilen gå på tomgang, men om du gjer det får det ingen konsekvensar. Det er ikkje prioritert! Lovverket seier det ikkje er lov, men folk må jo berre bruke sunn fornuft, meinar Førde-lensmannen.
Når journalistane spør direkte om han sjølv bryt norsk lov på dette området, ler han, og seier at det treng vi vel ikkje prate om? Ein kritisk journalist ville spurt kva andre lover i Norge som også er berre på tull, og som lensmannen ikkje bryr seg katten om. Men NRK Sogn og Fjordane berre kosepratar og skryt over at dei sjølv bryt denne lova. Klimaendring bryr verken lensmannen i Førde eller NRK Sogn og Fjordane-journalistane seg om romjula tjueti. Lova om forbod mot tomgangskøyring blir latterleggjort av både intervjuar og intervjuobjekt.
Men lat oss sjå heilt bort frå eventuelle klima-endringar. Signala lensmannen sender er om lag slik: Det er ein del lover som ikkje er så farleg med! Ein må bruke sunn fornuft. Om det er lover du ikkje tek heilt på alvor så tilseier sunn fornuft at du ikkje tek dei så nøye. Om du blir teken for mindre lovbrot kan du etter dette henvise til lensmannen i Førde!
Dette innlegget stod på trykk i Firda laurdag 10. desember.
Det er sjukehusdebatt igjen. Eller stillingskrig, ein skyttargravkrig som berre styrker motsetnadane i vårt langstrekte, lite befolka fjord- og fjellfylke. Usemja dreier seg i stor grad om kva som er det beste tilbodet til oss som bur her; eit sterkt sentralsjukehus og/eller lokalsjukehus med akutt- og fødetilbod. Men er det enten eller?
Helse Førde (HF) har bestemt å legge ned fødetilboda og akutt-funksjonane i Nordfjord og Indre Sogn for å styrke sentralsjukehuset i Førde. Nordfjordingar og sogningar ropar ULV! – eller noko slikt, og seier at å ta bort dette gjer helsetilbodet dårlegare! Feil! svarar HF. Men dei gjer ingen ting for å fortelje, på ein truverdig måte, korfor deira vedtak er til det beste for indresogningar og nordfjordingar.
For om det er så sikkert som HF seier, at helsetilbodet vert betre i desse to regionane når lokalsjukehusa vert bygd ned, så må det vere ei enkel oppgåve for HF si informasjonsavdeling å vise oss det. Profesjonelle informasjonsfolk er trena på å fortelje ulike målgrupper definerte bodskapar frå oppdragsgjevar. I svært mange tilfelle er ikkje ein gong bodskapen faktabasert eller sann. Ein faktabasert, sann bodskap som viser korfor nedbygging av sjukehus er til det beste for Indre Sogn og Nordfjord skulle vere lett å framføre på ein truverdig måte. Og folk her er ikkje så dumme at dei vil kjempe for det dårlegaste sjukehustilbodet dersom dei veit om ei betre løysing. Så korfor brukar ikkje HF litt ressursar for å vise at deira vedtak er grunna på faktaopplysningar om at dette er det beste? Det er fleire mulege svar på det spørsmålet: 1) Dei har ikkje ei oppegåande informasjonsavdeling som har kunnskap om korleis dei kan nå fram til målgruppene med bodskapen sin. 2) Dei trur det er bortkasta pengar å argumentere for sitt syn, fordi dei trur at mottakarane ikkje er i stand til å forstå sitt eige beste. 3) Dei har rett og slett ikkje faktabaserte og sanne argument som underbygger vedtaka sine. Derfor vel dei å oversjå at dei har eit informasjonsansvar i denne debatten.
Sjølvsagt er det viktig med eit sterkt sentralsjukehus i Sogn og Fjordane. Desverre trur eg konfliktane i denne saka lett kan ende med at fleire av sentralsjukehuset sine oppgåver vert flytta til Bergen. Slik det er no vert pasientar sendt til sjukehusa i Nordfjord og i Lærdal, og vidaresendt til Førde om det trengst. Dersom folk i Nordfjord og Indre Sogn har Volda og Voss som “lokalsjukehus” vil pasientane sjølvsagt bli vidaresende til Ålesund og Bergen, og ikkje til Førde, noko som i sin tur desverre vil gjere at fagmiljøa i Førde vert svekka, og sjukehuset i Førde på sikt blir redusert til lokalsjukehus. Det er inga god utvikling. Når det gjeld helsa, så er det heller ikkje godt for folk å gå rundt å vere utrygge på om dei har eit godt sjukehustilbod om dei skulle komme til å trenge det. Etter mitt syn er det HF si oppgåve å gjere det dei kan for at folk skal kjenne seg trygge på at tilbodet er godt nok!
Johannes Eggen Mundal
Sjukehusdebatt igjen. Eg ser det er usemje om det beste tilbodet til pasientane er eitt sjukehus her i fylket med eit stort tilbod, eller om det beste tilbodet er kort avstand til akutt-tenestar og fødetilbod. Dersom det er slik at Helse Førde og Helse Vest har rett i at det beste tilbodet er eitt sjukehus i Sogn og Fjordane, så forstår eg ikkje korfor det ikkje vert gjort noko for å kommunisere ut den bodskapen. Korfor vert dert ikkje brukt litt ressursar på å forklare på ein god og eintydig måte korfor løysinga med eitt sentralsjukehus er best. Dei som sloss for lokalsjukehusa gjer jo det fordi dei meinar den løysinga ikkje er god for dei som bur lengst borte frå Førde. Om Helse Førde sine argument er så gode og eintydige for å på sikt legge ned lokalsjukehusa, så bør det vere ei einkel sak å legge det fram på ein måte som folk forstår, forutsett at ein er i stand til å kommunisere med målgruppa. Folk i utkantane har behov for å vite at dei har eit godt helsetilbod. At folk kjenner seg trygge er ein viktig helsefaktor. Kort sagt hevdar eg at Helse Førde heilt har mislukkast i informasjonsarbeidet sitt. Eller dei har ikkje dokumentasjon for synet sitt. For folk i Nordfjord og Indre Sogn er ikkje så dumme at dei sloss for eit helsetilbod som ikkje er det beste for regionane.
Som kjent fall det ikkje så ofsaleg mykje snø sist vinter. Men eg skal ikkje grave i snøen som fall i fjor. Den har forlengst smelta. Eg skal grave i skiten der snøen smelta. Eg hadde eit innlegg i sommar der eg hevda at det er ein klar samanheng mellom høgt sjukefråver og eit NAV som gjer sjuke og slitne folk sjukare.
Innlegget mitt fekk hovudverneombod Else Kristine Husabø i NAV, til å gå ut i Sogn Avis og slå fast at eg er utan verdi som samfunnsdebattant. I laurdagens Innhogg i Sogn Avis prøver eg å vise korfor eg meinar det er ein samanheng. Heile innlegget vert publisert på Sognabloggen etter midnatt. Reknar med reaksjonar!
Her finn du Innhogget: Snøen som fall i fjor
Fjorårslamma: minneord
Eg skal levere lam til slakt kommande veke. Det er ikkje med heilt lett hjarte. Ein gjer sitt beste heile lamma sine liv for at dei skal ha det så bra som muleg. Så sender ein dei med ein bil til slakteri. “Berre” ein times transport. Det er vel snart mellom Norvegs kortaste vegar til slakteriet: Ein må tenkje positivt!
I fjor blei berre halvparten av lamma mine slakta som økologiske, sjølv om dei alle var merka som økologiske like før dei reiste herifrå. Eg fekk likevel same oppgjeret for dei andre: For dei fekk eg oppgjer for konvensjonelle + ein kompensasjon som tilsvarte skilnaden mellom konvensjonelle og økologiske.
Eg ringte Nortura og spurte korfor det var slik. Korfor var det skilt på den måten i oppgjeret? Eg høyrde på stemmen til han som svarte korleis han trakk på skuldrene av eit så lite viktig sprøttmål*, æh, spørsmål, meinar eg.
- Det skjer at desse øko-merka er borte når vi slaktar, var Nortura sitt svar.
- Borte? Korleis kan det skje? Lamma var jo merka like før dei vart henta, og merka sat jo bra!
- Det er mykje hardhendt handtering før dei kjem til slakt, var svaret, beint fram og ærleg. Så ærleg at eg ikkje veit om eg heller ville vore spart for det. Men no har eg høyrt det svaret, og det gneg i samvitet. Men kva kan eg gjere med det?
Kanskje det er på tide at vi bønder set krav til korleis dyra vert handsama på veg til slakt? Eller på slakteriet? Lojal som eg er oppdregen til å vere, så skal eg ikkje bruke kallenamnet Tortura, slik somme gjer. Men eg vil arbeide for at dyra eg sender til slakt skal handsamast på ein god måte, ikkje hardhendt eller brutalt. Det fortener ikkje dyra mine.
Nyaste kommentarar