Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (fredag 30. desember 2011). Les mer om roperten…

Så stille det blei etter Dagmar!

I kveld er det stille i Fjærland, slik det brukar vere. Folk arbeidar for fullt for å utbetre skadane etter Dagmar. I det stille, effektive, slik dei brukar vere.

Eg var i kaffiselskap juledagen då det byrja blåse. Då det blei mørkt, brukte vi litt tid på å finne igjen sko og jakker før vi kom oss heimover. Dagmar var enno ikkje ferdig å varme opp, så vinden på heimturen var ikkje mykje å snakke om samanlikna med seinare på kvelden. Men det var nok til å skremme dei små barna. Det er ikkje så ofte vinden tek så hardt i Fjærland.

Då barna hadde pussa tennene og var klare til å legge seg, hadde Dagmar auka i styrke. Soverommet til barna rista og svaia, og eg føreslo at vi tok med dyner og sengetøy ned og at dei kunne sove på bestestova, eit forslag dei tok imot med glede! Då var klokka mellom ni og ti om kvelden, og barna somna fort.

Eg blei sitjande oppe utover natta og lytte til radio via mobilnettet, som framleis var oppe. Av og til gjekk eg ut på trappa, eller opp på loftet og lytta på Dagmar. Då det stillna i eitt-to-tida la eg meg sjølv. Då hadde eg lese om nedbroten skog og øydelagte hus på twitter. Ein av dei siste twittermeldingane eg sjølv skreiv var at eg ikkje visste om at det var brote ned skog her i Fjærland.

Morgonen etter såg eg ut vindauga, og sakna epletreet frå utsikta mi, epletreet som er blomstrande motiv på postkort med fjelltoppane i Mundal som bakgrunn. No er det ikkje meir.

Eg tok på meg og gjekk ut. Ute på tunet hadde vinden rive sklia laus leikestativet. Det låg bordbitar frå ein lettvegg tilhøyrande eit uthus. Det låg ei takplate der. Oppe i hagen såg eg enno eit epletre var lagt over ende, rotvelta. Og eit tredje epletre låg mellom husa til naboane, også det rotvelta. Dei tre epletrea hadde ramla i kvar si retning.

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

Alle bilde: Jarle Mundal

På baksida av driftsbygningen mangla det fleire takplater. Heldigvis var det heilt over sauene, så dei ikkje fekk regnet over seg. Kor mykje av høyet som er øydelagt av fukt har eg ikkje oversikt over enno. Eg tok ein runde rundt huset før eg gjekk inn att, og konstanterte at det var reist nokre skiferheller frå taket. Utpå dagen førte det til at det blei vått på badet og i eine trappeoppgangen til loftet.

Skadane på skogen har eg ikkje sett enno, då kneoperasjonen 27. held meg fanga i huset. Men slik eg har fått det fortalt frå augevitne så må det dreie seg om rundt 100 dekar granskog som ligg flat. Om det stemmer representerer det eit visst tap. Å rydde det for å levere er ikkje noko arbeid som ein blir rik på. Men eg kjem til å rydde det som er nærast vegar og som er lettast å rydde.

Elles i Fjærland har det gått med mange tak, mest fjøstak men også hustak. Og store mengder skog. Det omdiskuterte arkitektteikna Fugletårnet på det verna fuglerike våtmarksområdet Bøyaøyri ligg flatt.

Takka vere stor innsats frå folk i bygda fekk vi igjen straumen seint om kvelden 27. desember, to døgn etter han for. Elles hadde vi sannsynlegvis vore straumlause til i dag. Dugnadsinnsatsen frå bygda har spart Sognekraft for minst 200.000 i NVE si kompensasjonsordning, i tillegg til titusenvis av kroner i spart arbeid. Som takk for dette kunne Sognekraft gitt pengane dei har spart til drifta av skulen i Fjærland, som Sogndal kommune tydelegvis ikkje har råd til, fordi dei treng skattepengane frå Fjærland til prosjekt i Sogndal. Eg tenker då særleg på bassenget som treng ei opprustning. Etter Sognekraft si arrogante handtering av straumstansen i sommar, kunne det vore ein god mulegheit for selskapet å få litt goodwill i bygda igjen. Straumstansen i sommar kan du lese meir om i innlegget Kundehandsaming på botnSognabloggen.

Vist 439 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Informasjon om retten til kompensasjon ved straumbrot over 12 timar finn du hos nettselskapa, t.d. her på Sognakraft si nettside.

Trist syn, disse bildene, mange som kommer til å slite fremover, for å få ting i orden.

Mange flinke folk som har mobilisert her og hjelper kvarandre å få på plass igjen fjøstak og slikt :)

Informasjon om kompensasjon ved straumbrot finn du på straumselskapa sine nettsider.

Mellom bakkar og berg, mellom rotvelter og knekte tre i Oldedalen. Fantastisk sterkt!

Skal på kurs og orientering om rydding av vindfelt skog i dag + på synfaring i skogen med ein frå Skogeigarlaget. Pga kneoperasjonen 27.12. har eg enno ikkje vore innover i Mundalsdalen og sett på skadane. Blei åtvara i går om at det er verre enn eg kan forestille meg… (Kva veit vedkommande om kva eg kan forestille meg?)

Etter kurset vet du mer om rydding i vindfelt skog enn jeg, men jeg sier likevel, vær forsiktig og ha med deg flere, ikke hogg alene.

Var på synfaring der i dag med ein frå Skogeigarlaget. Han meinar det absolutt er drivverdig å rydde skogen som er lagt flat med skogsmaskiner, altså at det ikkje er underskotsprosjekt, men at det går noko i pluss. Det er snakk om 30-40 daa med nedlagt skog som ikkje er heilt hogstmogen enno, 1500-2000 kubikkmeter.

Mye skog som er skadet, en oversikt fra SLF.

Takk for link. Sjølv om det ikkje står direkte går det fram av artikkelen at det er i Sogn og Fjordane skadane er mest omfattande, både i forhold til skogareal og i forhold til normale årskvantum.

Annonse

Nye bilder