Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (søndag 27. november 2011). Les mer om roperten…
Vikarprest Georg Espolin Johnson frå Hafslo spør i Sogn Avis 12. november om kva som er namnet mitt. Og ditt namn også, sjølvsagt, om du las teksten. Namn er ei alvorleg sak, skriv han. Hans eige førenamn er gresk og tyder bonde. Det gledar han seg ikkje over, for er det noko han ikkje er, så er det bonde! Men dei fleste andre er stolte og glade over namnet sitt, trur han. Det trur eg òg. Ein kan nesten få medkjensle med presten Bonde, trass hans nedlatande haldning til sitt eige namn. Ein kan nesten få inntrykk av at Georg nærast er eit skjellsord for presten Georg. Det er ikkje ei særleg god innleiing på andakten. Det er no ikkje så vanskeleg å skifte namn her til lands. Men eit namneskifte hadde sjølvsagt øydelagt heile andakten.
For å svare på spørsmålet, Georg: Namnet mitt er Johannes. Det er ei latinsk form av det greske namnet Ioannes og tyder «Gud er nådig». I Bibelen er det to kjende skikkelsar som heiter Johannes: Johannes Døyparen, profeten som sa at Messias snart skulle komme til jorda, og apostelen Johannes, den av Jesu venner som stod han nærast. Men sjølv om eg ikkje er prest, ikkje ordinært til det i alle fall, ikkje utdanna heller, forresten, så er eg stolt av namnet mitt. Og sjølv om det ut frå yrke kan tykkjast passande at eg og presten Bonde skiftar namn, så er det for min del heilt uaktuelt. Det andre alternativet, at vi skiftar arbeid, er like uaktuelt for både Georg og meg.
Eg skal sei deg ein ting – eller to – Georg: 1. Å vere bonde er nesten like viktig som å vere prest! 2. Det er kanskje viktigare.
Kommentarar
Bonde eller Prest, vel iallefall so braut Jesus brød, skjenka vin te drikka til Apostlane under den siste bordseta dei hadde ilag.
Truleg ein bonde so va opphavet te brøe og vinen ?
Ja, eg trur nok bonden klarar seg betre utan presten, enn presten klarar seg utan bonden!
Ja og da va vel grunnen te, at da va (æ) Prestegara?
“Kva er namnet ditt?” Mitt navn er Bjarne, betyr Bjørn darmed æ eg udiskutabelt eit Pattedyr noke eg æ heilt konfortabel med. Prata stadigvekk både med hunden min og andre beist…
Bjarne, bjørn er udiskutabelt eit rovdyr, er du heilt komfortabel med det?
Udiskutabelt neppe, ein bjøden so æ blitt ein slagbjøden so klakka sauiden dine i skadlen æ vel ikkje heilt normal aotfer tao ein bjøden, normalen æ vel meir blaobærplokking og kansje lura te seg ein og annan rymde oppdrettslaks.
“Konfortabel mæ da?” Ja da går greit da men begjyna, å bli leie adle dessa tobeinte rovdyri so drive pao å skyte itte meg i ti og utie, flyge itte meg so ein sauaflokk men saue æ ålreite beist da so…
Sakt pao ein anen maote: Eg æ heilt konfortabel med navnet mitt og at da ikkje betyr “Homo sapiens.”