Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (tysdag 22. november 2011). Les mer om roperten…
Fireåringen hadde gått opp på ein kalkdunge som ligg ved bygdevegen. Det køyrer ein bil forbi, og barnet kjem springande til meg. Det er tydeleg noko å fortelje.
- Det køyrde ein bil forbi, og det var ein mann med masse skjegg som køyrde!
- Ja, eg trur det var Claus, sa eg.
- Han vinka til meg, sa fireåringen.
- Javel.
- Eg trur det var nissepappaen!
Kommentarar
Eg endra overskrifta på dette blogginnlegget, og då blei ein del informasjon borte. Hm.
Denne nissen bur vel ikkje i eit gult hus og bur saman med Kari?
Sjølvsagt gjer han det, Gaute! Men eg trur ikkje nissemor var med i bilen. Eller fireåringer såg ikkje nissemor i alle fall, var for oppteken av at nissefar faktisk vinka…
Du kunne også spurt om nissefar bur saman med Bibbi Bokken i det magiske biblioteket, så hadde vi hatt ein link til som fireåringer ikkje veit om, nemleg Jostein Gaarder si bok frå nabolaget her :-)