Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (fredag 18. november 2011). Les mer om roperten…

Er det heilt greit?

Eg må innrømme at eg har problem med å forstå at mange menn offentleg seier det er heilt greit at den gråtande, livredde soldaten Alice Asplund (23) blei tvunge til å kle seg naken framfor befal og tretti mannlege soldatar. Er det liksom greit å tvinge kleda av ei gråtande og livredd jente fordi ho sjølv har valgt å gå inn i miilitæret? Kva er i så fall skilnaden mellom å tvinge kleda av ei gråtande, livredd jente i militæret og ei gråtande livredd jente på ein privatfest, eller i ei bakgate? Kva har gått feil med samfunnet når menn meinar det er OK å behandle kvinner slik? Kva er feil i hovudet på menn som syns det er OK å bruke tvang mot ei livredd, gråtande jente, og brukar twitterkontoen sin til å forsvare overgrepet?

Er dette overgrepet heilt greit fordi det ikkje var eit seksuelt overgrep? Etter å ha teke avstand frå befalet sin manglande menneskekunnskap på twitter har eg fått tilbake kommentarar som dette: “Ikkje det minste synd på den jenta. I militæret er alle like. Skulle befalet snudd ryggen til i strid, for å ikkje sjå pupp?” og “Kva var elles poenget? Hadde ho t.d. hatt fobi mot å gjera opp eld i skogen, då hadde ho vore tenesteufør.” og “Var betre neste gong å ha to eller tre jenter på same øvinga, så ei ikkje står isolert aleine.”

Og når denne “befalen” sine handlingar, som viser total mangel på menneskekunnskap, folkeskikk og empati, i tillegg til mangel på evne til å vurdere og å tenke sjølv, blir teke fullstendig avstand frå av forsvarssjef Harald Sunde, kjem denne kommentaren: “Er nok ueinig med Sunde. Forsvaret vert 4H-leir med låg treskel og ordrenekt for alt ein ikkje har lyst å gjere :-)” Eg har stilt spørsmål til vedkommande korfor han meinar det er meir greit å tvinge ei livredd, gråtande jente til å kle seg naken framfor ein flokk menn dersom det skjer i regi av militæret og ikkje i regi av 4H. Får sjå i morgon om eg får svar på det.

Eg ser også at menn gjer samanlikningar mellom denne saka og NRK3-programmet Trekant. Det vert jo heilt feil. Trekant handlar om seksualitet og seksualopplysning. Kva har seksualitet å gjere med at ei ung, livredd kvinne vert tvinga til å kle av seg? Ingen ting!

Heldigvis er det fleire menn som reagerar med å ta avstand til befalet i denne situasjonen. Men det er likevel skremmande at nokre vel å forsvare handlingar blotta for empati og total mangel på respekt for den unge soldaten.

Noko er feil med haldningane hos nokre menn. Det har vore eit tema i mediediskusjonen rundt overfallsvaldtektene og valdtekter generelt. Det har blitt sagt at det er viktig å starte eit haldningsskapande arbeid blant unge menn, særleg ikkje-norske. Denne saka stadfestar at det er like viktig å skape gode haldningar også hos etnisk norske menn. Både menn i militæret og menn på twitter!

Nei, eg samanliknar ikkje det Alice Asplund har opplevd med valdtekter. Men eg samanliknar haldningane hos befalet i denne saka og dei som forsvarar slike haldningar med haldningane hos dei som syns det er heilt ok å rive kleda av ei livredd, gråtande kvinne på gata. Eg ser ikkje skilnad på haldningane, sjølv om det er skilnad på overgrepa.

Vist 1100 gonger. Følgt av 9 personar.

Kommentarar

Nei, dette er ikkje greit i det heile tatt. Og dei aller fleste reagerer negativt. Eg og meiner at dette ligg svært nær eit overgrep mot denne kvinna. Det er i alle fall fullt muleg å førestille seg at ho følte det som eit overgrep. Det er hårreisande at dei som var befal, dei som skal bli morgondagens leiarar i forsvaret, viser så lite respekt for henne. Kvifor kunne dei ikkje innfri ønskje hennar om å få lov til å bade ein annan stad som var skjerma frå dei andre?

Er det framleis nokon som lurer på kvifor det er så vanskeleg å rekruttere kvinner til Forsvaret? No får vi håpe og tru at det ikkje er mange slike befal i Forsvaret, men eg må seie at eg ikkje føler meg heilt trygg på at ikkje det er fleire med slike haldningar. Skal vi greie å rekruttere fleire kvinner til Forsvaret må mennene byrje å vise kvinnene meir respekt.

Enig i at det var et overgrep. Ikke nødvendig med bad fordi en har vært i felten et døgn eller to og iallefall ikke nødvendig med grundig vask av kjønnsdeler. Innmari slapt av de andre soldatene å ikke gripe inn overfor missbruk av makt.

Reknar med at løytnanten som gav denne ordren har stått i grunnstilling dei siste dagane, og at han blir sparka for manglande dømmekraft. Forsvaret har ikkje behov for slike leiarar.

Uansett så kom denne saken kom veldig beleilig for Forsvarsdepartementet. Det har tatt vekk fokuset frå departementet sitt forsøk på å redusere graden og lønna til helikopterflygarar. Dette er ei avdeling som det er stort press på i Afghanistan, og det vil auke etter kvart no når politiet vil få meir helikopterstøtte. Eg fattar ikkje kvifor Forsvarsdepartementet går hen og behandlar personell som det er skrikande behov på ein så dårleg måte. Som sagt, veldig beleilig for ministeren frå Arbeiderpartiet at media flytta fokus.

Eg tykker da sat “langt inne” at ledelsen lea på seg å måtte beklage. Slike offiserer kan ikkje forsvaret ha bruk for.

Heldigvis tek flest menn avstand frå slike respektlause haldningar mot kvinner. Men dei som har desse negative haldningane (les: slike haldningar som samfunnet vil ha bort for å redusere valdtekter og overgrep mot kvinner) tek alt for stor plass og merksemd til dømes på twitter og andre diskusjonsforum på internettet. Det er på tide at fleire menn seier offentleg at slikt reagerer vi sterkt på!

Hva tror offiserene i forsvaret at dei er ? Denne hendinga sett i sammenheng med fleire , som i noen tilfeller har medført døden , vitner bare om at ledelsen i forsvaret består av en flokk innkompetente personer , som tar på seg noe dei på ingen måte er i stand til å utvise respekt for . Forsvaret må begynde å forstå at det er levende mennesker dei har med å gjøre , og at lov om personvern ,gjeld også for soldater .

Fråver av normal folkeskikk. Dette var etter det eg forstår ein øvelse i fredstid. Korleis ville vedkommande ha oppført seg under sterkt press.

Som jeg twitret tidligere i dag: “Rart hvordan ydmykende tvangs-avkledning går for å være klanderverdig overfor krigsfanger, men et befal syns det er ok mot sine egne.” Hvis målet var hygiene ville jenta kunnet gå for seg selv, slik hun visstnok skal ha foreslått. Fus til å ikke tjene under et slikt befal i krigstid!!

For å vere ærleg vil eg ikkje at son min skal tenestegjere under slikt befal i fredstid heller. Når ein frå politikarhald snakkar om haldningsskapande arbeid blant gutar for å redusere talet valdtekter, så må i alle fall befal med feil haldningar setjast ut av sitt arbeid før dei får gjort meir skade både mot jenter og mot haldningar hos soldatar!

Nei, heller ikke fredstid. Jeg har lest en del av kommentarene folk har lagt igjen på artikkelen på NRK Nordland og blir helt kvalm! Argumentene er så skivebom og sørgelige at det er skremmende. Det å sette folk i forlegenhet på denne måten har ingenting med likestilling og kvinners rolle i forsvaret å gjøre. Jeg tror så godt om folk at jeg regner med at mange av gutta der også ble forlegne av å være vitne til denne misbruken av autoritet. Jeg håper de lærte hvordan ting IKKE skal gjøres!

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nordland/1.7879492

Forsvarsministeren har vert så voksen , at han har bedt Alice Asplund om unskyldning . Håper også at vedkommend offiserer som stod for denne handling får noen dager i “Kakebua”.

Skremmande haldningar: utdrag frå diskusjon på twitter:

ØN: Ikkje det minste synd på den jenta. I militæret er alle like. Skulle befalet snudd ryggen til i strid, for å ikkje sjå pupp?

N: Kva var elles poenget? Hadde ho t.d. hatt fobi mot å gjera opp eld i skogen, då hadde ho vore tenesteufør.
_ _ _

ØN: Du kan ikkje meine at me skal ha mann-til-mann og kvinne-til-kvinne samfunn når det gjeld underliv i påsyn?

@MANNmedGREIP: Nei, det meiner eg ikkje. Men eg skremt av at du m.fl. framleis forsvarar slik behandling av ei tydeleg livredd, gråtande jente.

ØN: Ja, og gjer det fortsatt, og har ikkje tenkt å snu i mine meiningar :-)

@MANNmedGREIP: Du utstrålar slike haldningar mot kvinner som ansvarlege politikarar vil endre for å redusere slike og grovare overgrep mot kvinner.

Må seie at eg er skremd over at denne ØN repeterar at det er heilt greit å tvinge kleda av ei gråtande, livredd jente, særleg når twitterprofilen gir inntrykk av at han er ein Arbeiderparti-representant. Nokon i Ap bør rydde litt i rekkene!

Selv om jeg kjenner denne saken bare fra media, og ikke har hørt offiserens versjon, er det for meg nokså klart at denne saken absolutt ikke er helt greit. Den hadde ikke vært helt greit selv om det bare var menn tilstede heller. Jeg har utdannet vernepliktige soldater i mange år, og jeg har aldri hørt om noe lignende. Selvsagt er hygiene viktig, og selvsagt skal soldatene være i stand til å vaske seg også når de er i felt. Men dette dreier seg ikke om det. Ingen – hverken kvinner eller menn – skal måtte oppleve å kle seg naken foran andre mennesker på denne måten.

Eg forstår at dette ikkje er vanleg rutine. Men det som provoserte meg og som skremmer meg er haldningane hos enkelte menn som forsvarar å behandle ei gråtande, livredd jente så heilt utan respekt og menneskelegheit. Særleg når vedkommande knyter twitterprofilen sin så sterkt til eit politisk prati.

Eg fåt litt tilbakemeldingar om at eg godt kan bruke namn på den eg siterar, sidan det er offentlege sitat frå twitter. Eg siterar Øystein Nondal, student, og redaktør i Leikanger Ap.

Et Limerick fortjener denne hendelsen. (selv om den er aldri så utenksom og jævlig.) Limerick’et har jeg kalt for :

OFFENTLIG NAKENBADING.

I offentlig skue, måtte soldaten vise.
Hvordan hun vasket sin “lille Alice”
Gutta stirra med stive blikk.
Nedentil ; noen stivhet fikk.
Mannfolk, er noen underlige gris’e.
2.
Eg berre spør : Ka i alle dager.
gjør at hun ble utsatt for disse plager.
At en hendelse så fatal.
Beordret av et militær-befal.
Som ønsket seg en stille hånd-jager.

Annonse

Nye bilder