Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (måndag 10. oktober 2011). Les mer om roperten…

Trur du kalvane i fengselet saknar meg?

- Pappa, eg fann denne leikebåten, den hadde du då du var liten, sa fireåringen. – Korleis veit du det? spurde eg nysgjerrig. – Eg hugsar eg såg du leika med den, svara barnet. – Det kan ikkje du hugse, forstår du! – Nei, sa barnet, – det var kanskje noko eg drøymde.

- Pappa, trur du ku-ungane saknar meg? – Ku-ungane? Om kalvane saknar deg? – Ja, kalvane som står i fengselet der vi var i dag. – I fengselet? Meinar du fjøsen? – Ja, fengselet! – Ja, kanskje dei saknar deg, svara eg.

- Har du tissa på golvet? spurde eg. – Nei, svara fireåringen. – Kven er det då som har gjort det? – Eg trur det var ein elg. – Kven sa du? – Eg trur det var ein elg!

Vist 226 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Ein av fordelene (og bakdelene) )av å jobba i butikk, e alle ungane so spør om alt mulig=)

Unge: HEI!
Marion: Hei!
Unge: Bor du her?
Marion: Nei, eg bor heime hos meg sjøl.
Unge: ÅJA! Men du ha seng her?
Marion: Nei..eg ha seng hjemme.
Unge: OI! store øyne Det ha eg og, men Mamma sin e bedre!

So va eg ikkje interessant meir =)

Unge: EG synes du burde kjøpe AAAALT snopet i HEEELE butikken!!
Marion: Det hadde vært kjekt, men det hadde blitt for dyrt!
Unge: Ja! Det hadde sikkert kosta TUSEN kr!
Marion: Og kanskje mye mer og!
Unge: Ja! Sikkert TO tusen!
Marion: Men om eg hadde kjøpt alt snopet, hadde det ikkje blitt noke igjen til deg?
Unge: Det går fint, Mamma ha kjøpt til lørdag allerede! =)

Unge: (dukker plutselig opp bak meg då eg fylle på varer) DU!? Ka GJØR du på?
Marion: Eg fyller på nye varer
Unge: Koffer det??
Marion: Fordi ellers blir det tomt?
Unge: OI, men koffer må du gjøre det?
Marion: Eg må jobbe veit du.
Unge: Koffer det??
Marion: For å få penger, så eg kan kjøpe det eg ha lyst på.
Unge: FÅR du ikkje penger av foreldrene dine?? sjokkert
Marion: Nei, eg må betale sjøl, eg e voksen vet du.
Unge: Når EG blir voksen, då ska Mamma og Pappa betale ALT snopet mitt.
Marion: Du må sikkert betale noke sjøl og?
Unge: Nehei! Det e Mamma og Pappa sin jobb!

Sistnevnte sine foreldre synes eg litt synd på, hehe :D

Takk for gode bidrag, Marion!

Annonse

Nye bilder