Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (tysdag 16. august 2011). Les mer om roperten…
Innlegget under er klipt frå sona “Skriv, vestlendingar, skriv!”:
Skrivekurs
09. – 11.september. 2011 (Start 09.09, kl. 17.00)
Mundal Hotell, Fjærland
Tema: Heltinner i litteraturen
Lærar: Arnhild Skre
Pris: kr 400 for medlemer, kr. 600 for ikkje – medlemer
Eventuelt hotellopphald kjem i tillegg
For dei som ikkje skal bu på hotellet kjem det eit pristilbod på dagpakke (frukt, kaffi, te, m.m.)
Påmelding innan 20. august til
Elsa Norunn Håheim Nydal, tlf 91589073
Sogn og Fjordane Skrivelag
i samarbeid med Bokbyen i Fjærland
Arnhild Skre er historikar, journalist og forfattar. Ho har vore journalist i NRK og i fleire aviser og ho har skrive fleire bøker.
Bibliografi
La meg bli som leoparden: Ragnhild Jølsen – en biografi
Heltinner jeg har møtt
Innvandra mat
Dagmammaer i dagslys
Ein treng ikkje vere medlem i Skrivelaget for å melde seg på kurs, det er ope for dei som har lyst til å setje av ei helg, bu på eit flott hotell, få inspirasjon til å skrive, vere i lag med andre som skriv. Her er rom for dei som har skrive mykje, for dei som berre har skrive litt, for dei som kjenner sterkt på skrivekløe og for dei som lurer på om dette kanskje kan vere noko for dei.
Påmelding kan du gjere til Johannes E. Mundal ved direktemelding her på origo så snart som muleg!
Olaug A Haugen
Kommentarar
Det er framleis eit par ledige plassar på kurset, men dersom du vil bu på hotellet hastar det å melde seg på!