Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (måndag 6. juni 2011). Les mer om roperten…

Derfor melder eg meg ut

I forkant av landbruksoppgjeret kom det landsmøteuttalar om satsing på landbruk og betra økonomi i næringa frå dei raud-og-såkalla-grøne (Grøne? Lat oss kalle det Dei daudgrøne og solidaritetslause). Dette skapte optimisme i næringa. Ein gløymer så lett at det har vorte ein vane at festtalar er gløymde når politikk vert forma. Bondeorganisasjonane gjekk ut med krav om lågtlønnsauke og kompensasjon for den store auken i utgifter som absolutte krav. Men som vanleg endar det med at Bondelaget godtek statens tilbod, litt oppjustert, slik regjeringa har bestemt før tilbodet vert lagt fram.
Medan regjeringa, ved SP-landbruksministeren, let Bondelaget tru at forhandlingar fører til at resultatet blir noko betre enn tilbodet, så forstår vi andre at sluttresultatet er bestemt før tilbodet frå regjeringa kjem. Bonde- og småbrukarlaget braut forhandlingane. Men Bondelaget vel å signere på vilkår dei på førehand har sagt er alt for dårlege, og som resulterar i vidare nedlegging av norsk landbruk. Er det Bondelaget sin definisjon på å ta ansvar? Etter å ha signert vel dei å fråskrive seg ansvaret ved å sei at det dårlege resultatet dei har signert på er Ap sin feil! Når Bondelaget går med på eit oppgjer som er så lågt i forhold til kravet, er dei med på å bidra til å oppretthalde negative myter om norske bønder. Først går dei ut med høge krav, men medan medlemmene tel på knappane om dei skal halde fram som bønder eller ikkje, skriv Bondelaget under på ein avtale som får mange av medlemmene til å kaste inn handkledet, og fører til andre sin konkurs! Eg meinar Småbrukarlaget viser større ansvar for norsk landbruk når dei bryt forhandlingane!
Årsaken til at Bondelaget skriv under på det dei sjølv seier er dårlege avtalar ligg tydeleg i dagen: Eit brot ville vere ein konflikt med SP. Det ville sett fokus på at bondepartiet er meir oppteken av å bli verande i posisjon enn dei er av landbruket si framtid. Ein kan stille spørsmål om Bondelaget ofrar bøndene for å ikkje sette SP i forlegenheit? Eg trur norsk bønder hadde tent på både at Bondelaget hadde signalisert korleis tilstanden er i næringa og på ei konflikt mellom Bondelaget og SP. Men det samstemde mantraet frå duoen Bondelaget-SP er at alternativet er så mykje verre. Korleis mykje verre? At dei blåblå vil klare å legge ned norsk landbruk raskare enn dei daudgrøne? Er det eigentleg så stor skilnad på SP og dei blå sin landbrukspolitikk? Begge legg opp til ein politikk der dei store skal bli større, og dei små blir borte, eller går inn i store samdrifter eller blir leigejord. Det er utviklinga i dag, utan FrP. Skilnaden mellom Liv Signe Navarsete og Frank Willy Djuvik sin landbrukspolitikk kan ein illustrere med ei bilete ein unge bonde ga landbruksforskar Svenn Arne Lie på eit landbruksseminar: – Det er det same om hovudet vert halde 30 eller 50 cm under vatn, sa han – ein druknar uansett! Bondelaget vel å støtte politikken til dei som held bonden 30 cm under vatn, og seier at 50 cm er mykje verre!
Ut frå argumentasjonsrekka over måtte eg sjølvsagt melde meg ut av Norges Bondelag. Eg kan ikkje lenger late Bondelaget bruke mi røyst til å underteikne på auka nedlegging av norsk landbruk, og oppmodar andre bønder som ikkje vil ha sin signatur under nedlegginga av norsk landbruk om å gjere det same. Men eg melder meg ikkje ut av landbruksdebatten, slettes ikkje, sjølv om nokre kanskje vil plassere meg på sidelina etter dette.

Johannes Eggen Mundal, tidlegare styremedlem og bondelagsleiar i Fjærland.

Vist 268 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Dette innlegget stod på trykk i Firda måndag 6. juni 2011.

Då har eg altså meldt meg inn i Småbrukarlaget, eit lag eg trur høver betre for eit vestlandsbruk, sjølv om det i min fars tid var å rekne som eit stort vestlandsbruk…

Annonse

Nye bilder