Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (torsdag 6. januar 2011). Les mer om roperten…
Torsdag ettermiddag vart det funne eit titalls daude fluger i snøen i Mundal. Flugedøden vert sett i samanheng med daude fuglar som har regna ned over Amerika, Sverige og andre uforståelege geografiske koordinatar siste veka.
Skremmande! seier Johannes, som fann flugene daude i snøen, og tok bilete av dei for Johannes-bloggen. Han har også høyrt om fuglar som regnar frå himmelen i USA, og om mystisk kaie-død i Sverige, som seinare viste seg å vere ein lastebil-massakre, ifylgje TV2. Han er sikker på at fugledauden i Mundal ikkje har ei så morderisk forklaring.
Saka held fram under biletet, slik de er vant til på nrk.no og andre nettsider!
Det vert spekulert både i at flugene har flyge inn i ein rakett nyttårsafta, og at det kan vere eit høgtflygande uver som har teke livet av flugene. Men ifylgje veterinær Anne Viken er ikkje det sannsynleg, då fluger vanlegvis ikkje flyg høgt om vinteren. Obduksjonar av eit hundretals fluger konkluderar med at flugene ikkje har vore utsett for blind vald. Likevel er veterinæren overbevist om at dyremishandling kanskje kan vere årsak til flugedøden. – Det er faktisk muleg at det er fluger i vinterdvale som har vorte kasta ut gjennom loftsvindauga.
Johannes-bloggen kjem til å fylgje opp saka dersom det viser seg at flugedøden har alvorlege konsekvensar for folk i Mundal.
Kommentarar
Siste nytt: Bloggarens mor er mistenkt. Bloggar ute av balanse no. Kjem tilbake med ny kommentar om balansen kjem tilbake!
AAAAAAAAAAAAÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆHHHHHHHH!
“The Antichrist will be the infernal prince again for the third and last time….so many evils shall be committed by the means of Satan, the infernal Prince, that almost the entire world shall be found undone and desolate. Before these events happen, many rare birds will cry in the air, “Now! Now”! and sometime later will vanish."
Ja, eg skulle kommentere meir når eg var tilbake i balanse. Bildet er altså ikkje arrangert, slik nokon trur. Eg har blitt skulda for både eitt og hitt på Facebook, mellom anna humor og Halal-slakting, ein mistanke som er begrunna med at eg har eit bibelsk namn. Eg er ikkje mistenkt her. Det er muleg mor mi er mistenkt. Uansett gjeld det ikkje lenger, då all snøen frå i går til no har sletta alle spor, og om det framleis dett fluger ned frå himmelen dekkar naturen sjølv over det med krystallisert, kvit nedbør. Men eg er altså tilbake i balanse, og har ikkje tenkt å gi dykk noko meir de kan bruke for å få meg ut av balanse igjen!
Ja, balansen kjem og går. Men kalde føter har eg ikkje fått, i motsetnad til flugene. Men dei er jo døde, så…
På verdenskartet, opphengt i min stue,
spaserer ein hoffverdig liten flue.
Med mine som den store Bonaparte
går den og inspirerer verdenskartet,
og det er ganske klart den ikke enser
…de røde streker som er landegrenser!
Den eier disse land som den bedekker
med riktig delikat flueflekker.
Som visse andre synes den å drømme
at den ble født til verdensherredømmet
Den plages neppe av en tragisk viten:
at verden er for stor – og den for liten
Sitar Andre Bjerke
Tenkte berre sei Johannes, at JA, eg er enig i alt du skriv i denne saka. Det er sant, alt!
Eg trur at det er testfluer som islamistene vil lade med koranord og sende inn over noreg for å islamisere oss. Eg lurer på om ikkje Anne alt har fått ei snev av smitte då ho er einig i alt Johannes skriv.
Eg veit jo at det er muslimar som har fått veien i Bygstad til å rase ut! Dei la inn råtne koranar i grunnen då dei bygde vegen
Denne kommentaren må takast ytterst saltklyperisk all den tid den inngår i skodespelet Fjordaglimt-live
..lenge sidan eg har vore innom, og synst no Johannesen er begynne å overdrive sterkt, eller so er han begynt å bli i beit for tema,..
Pass deg Jarle Olav, lange opphold på denne tråden kan medføre smittefare. Behandling dersom en blir smitta er den samme som ved flåttbitt.
… (og det veit han Roar alt om, for han har nybete prov på hofteskinka…)
Trur du har villa deg inn på feil blogg, Jarle Olav, dette er Mundalen sin blogg, ikkje Johannesen sin!
.står no tydeleg Johannes-bloggen over her. Vei du ikkje kva den heiter lenger ,?..heller..?.
Ein ting det er viktig å vere nøye med; Jalre Oval, er namn. Om du meinar Johannes, som er eit fornamn, så skriv du ikkje Johannesen, som er eit vanleg norsk etternamn, og tyder Johannes sin son. Eg er ikkje son min, og son min er ikkje meg – sjølv om vi sikkert har visse likskaper.