Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (torsdag 30. desember 2010). Les mer om roperten…
Lensmannen i Førde gav uttrykk for at forbodet mot tomgangskøyring gjeld dersom sunn fornuft tilseier det. På NRK Sogn og Fjordane onsdag 29. desember snakkar lensmannen i Førde rett ut: Det er forbode å late bilen gå på tomgang, men om du gjer det får det ingen konsekvensar. Det er ikkje prioritert! Lovverket seier det ikkje er lov, men folk må jo berre bruke sunn fornuft, meinar Førde-lensmannen.
Når journalistane spør direkte om han sjølv bryt norsk lov på dette området, ler han, og seier at det treng vi vel ikkje prate om? Ein kritisk journalist ville spurt kva andre lover i Norge som også er berre på tull, og som lensmannen ikkje bryr seg katten om. Men NRK Sogn og Fjordane berre kosepratar og skryt over at dei sjølv bryt denne lova. Klimaendring bryr verken lensmannen i Førde eller NRK Sogn og Fjordane-journalistane seg om romjula tjueti. Lova om forbod mot tomgangskøyring blir latterleggjort av både intervjuar og intervjuobjekt.
Men lat oss sjå heilt bort frå eventuelle klima-endringar. Signala lensmannen sender er om lag slik: Det er ein del lover som ikkje er så farleg med! Ein må bruke sunn fornuft. Om det er lover du ikkje tek heilt på alvor så tilseier sunn fornuft at du ikkje tek dei så nøye. Om du blir teken for mindre lovbrot kan du etter dette henvise til lensmannen i Førde!
Kommentarar
Klima endringane er historie,det var ein fin måte for myndighetene å tjene pengar på,og alle desse bilane som står å går på tomgang for å bli varma opp,er nokk ein – latmans – måte å tenke/handle på.
I dag så brukar bilane så lite drrivstoff att dei må stå i times vis for å bli varme nokk,nei monter heller motorvarmar med kupe varme så blir dette ei raskare og mykje meir miljøvenligt alternativ.
Ha eit riktigt Godt Nyttaar.
Takk! Og godt år til alle som er innom her! Når det gjeld motorvarmar og kupevarmar, så er det ikkje berre det beste for miljøet, det er også mykje betre for bilmotoren, som ikkje har godt av å stå å gå på tomgang.
I Sverige står det skilt over alt om at det er forbode med tomgangskøyring. Om folk bryr seg om det, veit eg ikkje. Men eg slår alltid av bilen. Lensmannen viser til sunn fornuft, men det inngår ikkje nødvendigvis i sunn fornuft å slå av bilen. Det hadde han visst om han hadde sunt folkevett iblanda ein dose klokskap;)
Ja, det er det lensmannen seier, om sunn fornuft tilseier at bilen kan gå på tomgang, så er det ok å late bilen gå på tomgang. Eg lurer på kva lensmannen meinar om andre lover, og kva andre lover han meinar ein kan sjå mellom fingrane med, eller bryte, dersom sunn fornuft tilseier det.
Litt pinleg uttale frå Lensmann i denne saka.
I grunnen ser eg ikkje vitsen med å la bilen stå på tomgang. I sum er ikkje særleg bra for miljøet, både for omgjevnadane og globalt. Kort og godt det stinkar. Så sparar ein i alle fall ikkje på drivstoff når ein gjer det.
Eit filosofisk spørsmål kvifor lar enkelte bilen stå på tomgang? Kva ligg motivasjonen og drivkraft bak dette?
Kva er motivasjonen og drivkrafta? Rein egoisme sjølvsagt, og det at vi er så pysete når det gjeld snø og kulde. Helst ville vi gå frå kjøkkenet og ut i bilen på tøffler, men det er ikkje MULEG fordi ingen ryddar snøen mellom kjøkkenet og garasjen for oss… Det er ILLE!
Motivasjon og drivkrafta bak det å la bilen gå på tomgang er for å varme denne opp så ein slepp å sette seg inn i ein kald bil.mao,ein dårlig ide,når vi veit att det å ha eit motorvarmar ur montert så slepper ein dette tullet.
Og snø og takrydding er no tatt heilt av her i Jølster,reine farsotten om du spør meg..