Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (måndag 20. desember 2010). Les mer om roperten…

Å målbinde julenissen

Eg trur det var den ekte nissen. Men clementina i godteposen var mygla. Og det smaka myggel av rosinene også, og litt mygla smaka det andre godtet også. Og det hang ein nisse i eit tre. Den ekte nissen sa at det var bror hans. Korfor er han så stille då? spurde eg. Han blir så stille når han frys, sa nissen. Korfor er han så rosa i kjakane då? Vi nissar blir rosa, når vi frys, sa nissen. Korfor er han så liten, då? Han har ikkje større føter enn veslebroren min! Då svarte ikkje den gamle nissen meir…

Vist 188 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

Johannes, eg er berre så ekstremt enig i denne bloggposten. Den sit som eit skot. Kvart ord. Ingenting må endrast. Du er eit geni. Utpeikt av gud og nissen, hogd i gull. O Johannes. Vi er alltid enige om absolutt alt og det set eg så heidundrand mykje pris på.

Denne kommentaren må ikkje mistolkast. Den er del av skodespelet “fjordaglimt live”

Utpeika til geni av Anne Viken og nissen – eg ser ingen grunn til å mistolke deg heilt ordrett på det…

Denne kommentaren må slett ikkje tolkast. Men folk på origo.no som let seg forbanne, må gjerne spy ut all drit dei har i form av usaklege kommentarar og personåtak, og når dei kjem til sans og samling att (om dei nokon gong gjer det) kan dei bruke tida til å skjemmast over sine eigne ord.

Johannes, eg er tilhengar av totalitær enighet i ein kvar debatt og alle som ikkje er einige med meg er ikkje å finne blant bloggeliten i det norske kongeriket. Du er sjølvsagt med der, men ingen av dei som seier oss imot.

Denne kommentaren må gjerne mistolkast, men det krev ein heil del vett all den tid den i konspirasjonen er skriven

Av og til er det vanskeleg å forstå kva nissen meiner og når to nisser snakker i samstemt mistolking vert det vanskeleg for vanlege folk å følgje med, men slik er livet, vi kan ikkje alle verte nisser sjølv om vi aldri så gjerne ville det. Kanskje i det neste livet kan vi verte nisser?

Johannes, eg føler meg faktisk grovt neglisjert av Roar. Han er hovmodig og aggressiv og mistolkar bibelen.

Denne komentaren kan ikkje mistolkast som anna enn vrangframstilt.

jeg prøvde igår..å idag..men jeg skjønner fremdeles ikke bæret av hva dere snakker om her..så jeg slår meg til ro med tanken på at det ikke er alt som er meningen at jeg skal skjønne meg på…lykke til videre :p

Å målbinde julenisser er ikkje enkelt itsonlyme, det krev lang trening og ei gjennomtenkt stokking av ord, og ikkje kva ord som helst, ein må som eg beherske båe målføre i same setning og helst i kvart ord.

Hehe, 8-åringar kan målbinde nissen, som i dømet over, så eg trur barnsleg kløkt, nysgjerrigheit og openheit er det som må til, ikkje lang trening og gjennomtenkt ordstokking.

Johannes, eg meiner at du er for saklig. Eg vil gjerne at du slenger meir dritt til meg. Føler meg faktisk oversett, føler meg neglisjert, føler at eg treng merksemd, dritt eller kva som helst : less det utover!!! Eg er ein hysterisk sinna origo-brukar og eg vil ha BRÅK!!!!

dette inngår også som ein delreplikk i Fjordaglimt live

Annonse

Nye bilder