Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (laurdag 11. desember 2010). Les mer om roperten…

Helse Førde sitt informasjonsansvar.

Dette innlegget stod på trykk i Firda laurdag 10. desember.

Det er sjukehusdebatt igjen. Eller stillingskrig, ein skyttargravkrig som berre styrker motsetnadane i vårt langstrekte, lite befolka fjord- og fjellfylke. Usemja dreier seg i stor grad om kva som er det beste tilbodet til oss som bur her; eit sterkt sentralsjukehus og/eller lokalsjukehus med akutt- og fødetilbod. Men er det enten eller?
Helse Førde (HF) har bestemt å legge ned fødetilboda og akutt-funksjonane i Nordfjord og Indre Sogn for å styrke sentralsjukehuset i Førde. Nordfjordingar og sogningar ropar ULV! – eller noko slikt, og seier at å ta bort dette gjer helsetilbodet dårlegare! Feil! svarar HF. Men dei gjer ingen ting for å fortelje, på ein truverdig måte, korfor deira vedtak er til det beste for indresogningar og nordfjordingar.
For om det er så sikkert som HF seier, at helsetilbodet vert betre i desse to regionane når lokalsjukehusa vert bygd ned, så må det vere ei enkel oppgåve for HF si informasjonsavdeling å vise oss det. Profesjonelle informasjonsfolk er trena på å fortelje ulike målgrupper definerte bodskapar frå oppdragsgjevar. I svært mange tilfelle er ikkje ein gong bodskapen faktabasert eller sann. Ein faktabasert, sann bodskap som viser korfor nedbygging av sjukehus er til det beste for Indre Sogn og Nordfjord skulle vere lett å framføre på ein truverdig måte. Og folk her er ikkje så dumme at dei vil kjempe for det dårlegaste sjukehustilbodet dersom dei veit om ei betre løysing. Så korfor brukar ikkje HF litt ressursar for å vise at deira vedtak er grunna på faktaopplysningar om at dette er det beste? Det er fleire mulege svar på det spørsmålet: 1) Dei har ikkje ei oppegåande informasjonsavdeling som har kunnskap om korleis dei kan nå fram til målgruppene med bodskapen sin. 2) Dei trur det er bortkasta pengar å argumentere for sitt syn, fordi dei trur at mottakarane ikkje er i stand til å forstå sitt eige beste. 3) Dei har rett og slett ikkje faktabaserte og sanne argument som underbygger vedtaka sine. Derfor vel dei å oversjå at dei har eit informasjonsansvar i denne debatten.
Sjølvsagt er det viktig med eit sterkt sentralsjukehus i Sogn og Fjordane. Desverre trur eg konfliktane i denne saka lett kan ende med at fleire av sentralsjukehuset sine oppgåver vert flytta til Bergen. Slik det er no vert pasientar sendt til sjukehusa i Nordfjord og i Lærdal, og vidaresendt til Førde om det trengst. Dersom folk i Nordfjord og Indre Sogn har Volda og Voss som “lokalsjukehus” vil pasientane sjølvsagt bli vidaresende til Ålesund og Bergen, og ikkje til Førde, noko som i sin tur desverre vil gjere at fagmiljøa i Førde vert svekka, og sjukehuset i Førde på sikt blir redusert til lokalsjukehus. Det er inga god utvikling. Når det gjeld helsa, så er det heller ikkje godt for folk å gå rundt å vere utrygge på om dei har eit godt sjukehustilbod om dei skulle komme til å trenge det. Etter mitt syn er det HF si oppgåve å gjere det dei kan for at folk skal kjenne seg trygge på at tilbodet er godt nok!

Johannes Eggen Mundal

Vist 606 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Når det gjeld informasjon frå Helse Førde, og frå andre grupperingar også, minner det ofte om saueflokken i George Orwell si fantastiske bok “Animal farm”, som på norsk heiter “Kamerat Napoleon” og kom ut på Pax forlag kring 1970. Soga om ein revolusjon som mislukkast, og kvifor. . .

Då dyra jaga bonden frå garden fordi han drakk og ikkje gjorde jobben sin, tok grisene leiinga. Dei lærte sauene kva dei skulle breke når det var informasjonsmøte. Då revolusjonen var ny, breka dei “Fire bein bra, to bein dårleg!” Men etter at grisene lærte seg å gå på bakføtene, og tok i bruk kleda etter bondefamilien, breka dei “Fire bein bra, to bein betre!”

Også lovene for garden, “Dyrismens 7 bod”, som vart malte på låveveggen, endra seg over tid. Så då grisene til sist var blitt så like menneska at det ikkje lenger gjekk an å sjå nokon skilnad på dei, stod det på låveveggen: “Alle dyr er like, men somme dyr er meir like enn andre.”

Slik endrar også argumentasjonen i sjukehussaka seg over tid, men alltid slik at styret i helseføretaket veit best kva som tener folket, ikkje minst i provinsane. Vi høyrer brekinga: “Ingen lokalsykehus skal legges ned!” “Folk skal få et best mulig tilbud!” “Vi bruker mer penger på helse enn noen gang før!” Men som du nemner, Johannes, dei greier ikkje å forklare korfor eller korleis lengre veg til ei teneste gir ei betre teneste.

Fin samanlikning, Arnar. “Animal Farm” er ei bok alle burde lese, særleg dei som er sett til å breke etter helseføretaka sine piper!

Eg hadde ikkje tenkt å kommentere dette innhogget i det heile. Men etter som dagane går, tankane svirrar og nye variantar av debatten Johannes omtalar dukkar opp, vert det meir og meir tydeleg for meg at Johannes treff spikaren på hovudet med ytringa si.

Sjølv har eg vore innom litt det same i min eigen blogg: http://runehetle.wordpress.com/

Det er to sanningar i denne vonlause debatten om helse og sjukehus:

1. Ting kan ikkje i framtida vere som det var, endringane i folket med omsyn til alder, endra sjukdomar og medisinske nyvinningar gjer at endringar vil og må kome.

2. Folk kan ikkje handsamast som idiotar, dei som styrer helsevesenet må kunne kommunisere og vere i stand til å endre utan at ein går laus på dei mest kjenslevare tilboda som fødetilbod, det å få gips på ei brota hand, “straum frå land” når hjartet tek til å krangle eller når kroniske sjukdomar krev tett oppfylging.

Mellom desse sanningane, er det ein gråsone full av kjensler, kamp om arbeidsplassar, sikring av arbeid og inntekt, kamp mellom profesjonar innan helsevesenet, arbeidsfordeling, leverandørar til sektorane spelar i bakrommet, styreform med politikarar som dett av lasset før fagfolka har opna munnen, distriktspolitikk, næringspolitikk, økonomi o.s.v. Lista tek ikkje ende.

I dette rommet mellom sanningane, er det trong for pedagogar, psykologar, informasjonsmedarbeidarar og nokre menn og kvinner med “brynje” som vågar gå laus på profesjonane og “etablerte sanningar og establishment” innan helsesektoren.

I dette spelet vart Øberg og Mowatt for lette, dei vart dei straffa av di dei ikkje forstod det Johannes ytrar. Dei freista vere mann og kvinne med “brynje” (godt er det at nokon tek på seg ei slik rolle), men “brynja” vart nok litt for tung når bakspelarane var dei som nettopp var det “etablerte establishment” innan helsesektoren.

Johannes, innhogget ditt bør lesast av mange og gje grunn til ettertanke for nokon kvar!

Til Hetle: Fødetenestene i fylket er ikkje gode nok. Difor må det endringar til. Fødeavdelinga på Eid er svært sårbar. Kva tryggleik gir det når fødeavdelinga har blitt stengt fire gonger utan varsel det siste året? Kva hjelper det å ha kort avstand til fødetilbodet dersom ein risikerer å kome til stengt dør?

Problemet med å få rekruttert nok kompetent og kvalifisert personale må ein ta på alvor. Dessutan meiner eg vi må lytte når sentrale helsemyndigheiter er uroa for kvaliteten på ei fødeavdeling der pasientvolumet blir lågt.

Kjære deg, Odd: Tenk deg no godt om. Fødetilbodet på Eid vert ikkje betre om det vert stengt heile året, enn om det er stengt 4 gonger i løpet av eit år. Slik du uttaler deg, kunne ein nesten tru det var meir risikabelt å føde på Eid enn andre stader. Er det det du meiner?

Kva om du har rett i at fødetilbodet i fylket ikkje er godt nok? Eller som det stod i vurderingsbøkene på skulen: “Kan bli betre.” Men tilbodet kan ikkje bli betre av å bli lagt ned. Problemet med å få rekruttert nok kompetent og kvalifisert personale til Eid vert heller ikkje mindre av alt maset om å leggje ned på Eid.

Eg kjenner ikkje til nokon statistikk som viser at Eid eller Lærdal har høgare prosent mislukka fødslar enn andre stader, gjer du? Sidan du hevdar tilbodet er for dårleg, altså? Ja, for du meiner vel ikkje Førde også, når du seier “Fødetenestene i fylket”? Eller meiner du at alt som er av fødetenester her i fylket er mindreverdige og ikkje held mål? Nesten dårlegare enn ein ambulanse i vegkanten? Kvar skal kvinnene her i fylket dra for å få kvalifisert hjelp til å føde nye generasjonar av sogningar og Fjordingar?

So dukka denne statistikken opp: http://bit.ly/flwv8b Her kjem alle sjukehusa i fylket godt ut, Lærdal best. Skal ein fylgje argumentasjonen til Odd er det her fødande kvinner i Fjordfylket bør sendast.

Når folk, slik som Odd og diverse raud-grøne politikarar, først bestemmer seg for korleis ei sak skal løysast, og etterpå argumenterar som om det er beste løysinga uansett korleis fakta ser ut, så seier det mest om desse personane, og det seier litt om kor arrogant dei møter dei som dei vil ta bestemmelsane for. For desse er slik statistikk heilt uinteressant, Rune. Det ser ut som dei ikkje har evne til å setje seg inn i motargumenta.

For så vidt ein interessant statistikk du viser til, Rune, sjølv om han berre tok for seg ei avgrensa mengde av risikoen med å føde. Talet på fødslar i Lærdal var veldig lågt, så statistikken blir litt usikker der. At skadeprosenten for akkurat denne diagnosen er langt høgare på Eid enn i Førde kan antyde at det finst eit utviklingspotensiale på Eid. Dei som verkeleg imponerer her er Narvik og Orkdal, mens store sjukehus som Kristiansand og Akershus har like stor skadeprosent som på Eid, og Haukeland og St.Olav er verre. Størst er altså ikkje nødvendigvis best, men det er gledeleg at Førde kom godt ut her.

Andre skader, for eksempel oksygenmangel for fosteret, som kan føre til dødfødsel eller alvorleg , livslang funksjonshemming, er endå verre. Det same gjeld unormalt stor blødning hos mora i samband med fødsel. I slike tilfelle er det best å ikkje vere stasjonert i eit framkomstmiddel i vegkanten, på veg til eit statistisk betre tilbod.

Annonse

Nye bilder