Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (tysdag 7. desember 2010). Les mer om roperten…
Sjukehusdebatt igjen. Eg ser det er usemje om det beste tilbodet til pasientane er eitt sjukehus her i fylket med eit stort tilbod, eller om det beste tilbodet er kort avstand til akutt-tenestar og fødetilbod. Dersom det er slik at Helse Førde og Helse Vest har rett i at det beste tilbodet er eitt sjukehus i Sogn og Fjordane, så forstår eg ikkje korfor det ikkje vert gjort noko for å kommunisere ut den bodskapen. Korfor vert dert ikkje brukt litt ressursar på å forklare på ein god og eintydig måte korfor løysinga med eitt sentralsjukehus er best. Dei som sloss for lokalsjukehusa gjer jo det fordi dei meinar den løysinga ikkje er god for dei som bur lengst borte frå Førde. Om Helse Førde sine argument er så gode og eintydige for å på sikt legge ned lokalsjukehusa, så bør det vere ei einkel sak å legge det fram på ein måte som folk forstår, forutsett at ein er i stand til å kommunisere med målgruppa. Folk i utkantane har behov for å vite at dei har eit godt helsetilbod. At folk kjenner seg trygge er ein viktig helsefaktor. Kort sagt hevdar eg at Helse Førde heilt har mislukkast i informasjonsarbeidet sitt. Eller dei har ikkje dokumentasjon for synet sitt. For folk i Nordfjord og Indre Sogn er ikkje så dumme at dei sloss for eit helsetilbod som ikkje er det beste for regionane.
Kommentarar
Det er enkelt. Større krav til spesialisering krev sentralisering. Så enkelt er det. Fagmiljøa blir for små på lokalsjukehusa på enkelte typar tenester.
Det er greitt, Odd. Men det folk vil vite er kva det betyr i praksis at sjukehus/sjukehusfunksjonar blir lagt ned. Helse Førde pratar over hovudet på oss, dei må lære seg å kommunisere med folk flest.
Det er alltid ei gleda å sjå Odd argumentera i sjukehusdebatten. Eg har i alle år trudd at eg var einspora og terpa om att og om att på det same, anten eg hadde rett eller ikkje. Men noko så forstokka som Odd her har eg aldri vore borti, Harry Mowat vert reine småguten i samanlikning. Når ein overgår Nord Koreanske offiserar i å leksa oppatt og oppatt ei innlærd leksa utan i det heile å registrera resten av den debatten ein tek del i vert eg beint imponert. To gonger har eg bede Odd om ikkje å nytta sut over mitt helsetilbod i sin argumentasjon, då eg veit at han fer med vikarierande argumentasjon og ikkje vil verta teken til inntekt for hans propaganda. Kvar gong er det som å leggja ein ny femkronar i automaten, plata vert ikkje snudd ein gong, det er same songen om att kvar gong. Same kva spyrsmålet er. Same kven som spyr.
Odd her er levande oppteken av å ha eit godt lokalsjukehus nær seg sjølv, og til liks med mange andre (og tvert i mot det han seier) har han ingi sut for tilbodet til andre i utkantane av fylket. Det er heilt lov det. Det kan seiast at Indre Sogn ikkje var særleg aktive då Florø vart bygd ned heller, alle tenkjer på sitt eige beste. Problemet med Odd er at han ikkje er mann nok til å innrømma det. Slikt styrkjer ikkje agumentasjonen hans. Noko den sårt treng.
For dersom me skulle lytta på Odd så bør det vera ei fødestova i midtre Sunnfjord ein stad, resten av det helsetilbodet må flyttast til Haukeland og Ålesund. Det er realitetane dersom ein ynskjer store miljø og spesialisering. Og det er det som vert resultatet dersom Odd klarar å ta frå Indre Sogningar og Nordfjordingar deira helsetilbod. Slik fylket er geografisk er det ingen grunn til å nytta det som ei grensa for innleggjingar i Førde, tvert om, det vert det lokalsjukehuset det burde vera att der. Dei som treng kompetanse og ikkje arroganse reiser andre stadar.
Det er noe mangelfullt over kommunikasjonen mellom folk flest og politikerne.
Når den ene parten sier nedlegging og den andre parten sier omorganisering om det samme problemet, må første mål være å bli enige om hva endringene er, finne felles uttrykk for felles sak.
Men hvor vanskelig kommunikasjon er ser en fort når en les en samtaletråd som her. Det går ikke lange tida før det går over stokk og stein.
Odd, hvor går grensen for størrelse i forhold til spesialisering? Er det slik at Sentralsykehuset det har denne størrelsen? Eller kan det kanskje være slik at størrelsen vil variere ut fra hvilket fagområde det er snakk om? Ikke veit eg, men det eg veit, er at siste året har vi hatt tre sykdomstilfeller i nærmeste familie. Første innlagt på Eid, så til Førde i tre timer og videre til Haukeland.
Andre innlagt på Eid og videre direkte til Haukeland. Tredje direkte til Haukeland. For meg viser dette at vi uansett er nødt til å benytte oss av større faglige miljø enn Førde. Spørsmålet blir da litt forenklet. Er det rett å bygge ned trygghet for folk flest i Nordfjord og indre Sogn for at det skal bygges opp et litt større fagmiljø i Førde? Et fagmiljø som uansett ikke vil bli stort nok til å unngå å benytte Haukeland
Det kan sjølvsagt diskuterast. Skal vi i det heile ha eit sentralsjukehus i fylket? Eg trur vi må ha det. Trur det trass alt vil vere bra å ha eit noko større fagmiljø innanfor fylkesgrensene.
Men Odd, og fleire med deg: når ikkje Helse Førde har argument eller dokumentasjon som gjer at folk i Indre Sogn og Nordfjord forstår at det er til deira beste at desse sjukehusa på sikt er tenkt nedlagt, så vil folk i Nordfjord og Indre Sogn sitje igjen med ein usikkerheit og utryggheit for sin situasjon om dei skulle bli sjuke. Eg vil godta ei forklaring frå Helse Førde om dei er i stand til å argumentere for at dette er det beste for desse regionane. Til no har dei ikkje ein gong prøvd å forklare det. Å antyde at det er noko gale med folk i Nordfjord og Indre Sogn som ikkje godtek Helse Førde sine disposisjonar, blir for dårleg. Helse Førde har eit informasjonsansvar i denne situasjonen. Det er på tide dei tek det ansvaret!
Elles takk for mange gode kommentarar her!
Odd Frantzen, desverre trur eg Knut P. Bøyum har rett i at vi lett kan stå igjen med eitt sjukehus her i fylket, som ikkje blir noko meir enn eit lokalsjukehus. Slik det er no vert pasientar sendt til sjukehusa i Nordfjord og i Lærdal, og vidaresendt til Førde om det trengst. Dersom folk i Nordfjord og Indre Sogn har Volda og Voss som “lokalsjukehus” vil pasientane sjølvsagt bli vidaresende til Ålesund og Bergen, og ikkje til Førde, noko som i sin tur desverre vil gjere at fagmiljjøa i Førde vert svekka, og sjukehuset i Førde på sikt blir redusert til lokalsjukehus. Det er inga god utvikling.
Kan ikkje Odd Frantzen nytte seg av tilbodet på Haukeland for spesialhelsetenester og akutt? For avstand og tid for transport er den same frå Naustdal til Haukeland som frå Selje til Førde, enten ein nyttar bil eller helikopter.
Frå nabofylket har eg sett med undring på det høge politiske og Helse Førde sitt spel med sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane. Me har fått noko som heiter Helse Vest, og det verkar som det ikkje fulgde pengar med då politikarane borte i eit bysentrum sør for norges mest kjende kryss vedtok ny struktur på helse-administrasjonen i Norge. Dei fann visst ikkje mykje pengar, dei som skulle administrera Helse Vest. Og i same byen vart til og med Aker sykehus lagt ned, like nord for nemnte kryss. Kanskje til og med Aker sykehus låg for langt på landet? Og så driv Helse vest med sitt høge spel om sjukehusa på Vestlandet, for Sogn og Fjordane sitt vedkomande styrt frå Helse Førde. Og sparekniven skulle ramma hardt, der sjukehusa i Sogn og Nordfjord skulle kuttast eller avviklast. Og eg trur at Helse Førde har eit forklaringsproblem, når dei skal overbevisa folk i heile fylket at det vert minst LIKE BRA eller BETRE for folk, når sjukehusa i Lærdal og på Eid er borte. Skal dei lukkast i og få folk til og tru at dei kan vera like trygge som før, er det ein føresetnad som må oppfyllast. Avstandane til sjukehuset i Førde må avstands- og tids-messig verta like kort som folk i berørte område har til Lærdal og Eid i dag. Vel, dette let seg enkelt og greitt ikkje løysast. Kun skapande makter kan gjera noko med dette. Det tidsmessige kan ein gjera litt med, men berre litt. Fleire og betre vegar kan hjelpa litt, men det er jo ikkje politisk vilje til slikt i dag av betydning. Så har me jo fly og helikopter. Der kan eg nemna at eit helikopter frå Førde bidrog til at far min kom seg frå fjellet ovanfor Arnafjorden i live etter vanskar med hjartet, der helikopteret henta han og tok han til Voss lokalsjukehus, eit sjukehus som vert kutta av i tur og orden i det som for dykk er nabofylket i sør. Eg trur ikkje eg tek mykje feil når eg reknar med at Voss lokalsjukehus er lagt ned om nokre år. Og i Sogn kan dei ikkje lita på og ha Voss i bakhand, når sjukehuset i Lærdal vert nedbygd og lagt ned. Og dei få sjelene på Gram og Ulvikbakken i Smeddalen mot Fillefjell kan vel like gjerne bu seg på at dei må til Rikshospitalet, fordi det tek for lang tid til Førde sitt framtidige lokalsjukehus. Så kan det henda at dei som bur i Hjelledalen under Strynefjellet like godt må avgarde til RIT i Trondhjem.
Kvifor nemner eg ikkje Haukeland, eit sjukehus som ligg ca. 1/2 times køyring unna på nattstille vegar + tid til parkering som kostar både skjorta og 7 skreddarsydde dressar med over berre litt tid. Og om dagen er det jo heilt uvisst kor lang tid det går for og koma der til, på eit vegnett i Bergen som langt på veg bryt saman av trafikkmengda. Kjenner me framtida til sjukehusstrukturen i Norge, som raslar med spareknivane? Gudane veit om ikkje til og med Haukeland vert kun eit lokalsjukehus i framtida, nettopp pga. argumenta om større krav til spesialisering. “For tek de den, så tek de den”, lever politikarane etter. Det er berre for poltikarane og lukkast med og starta ein stad, nemleg med lokalsjukehusa i eit fylke som har ein folkesetnad på storleik med Frogner/Majorstuen (bykjernen i Oslo Vest). Tru ikkje at politikarane stoppar der. Det neste vert som nemnt at Førde vert lokalsjukehus, og nedlagt berre litt etter. I mitt fylke, Hordaland, er utviklinga tilsvarande. Det skulle ikkje undra meg at det går mot at Haukeland vert lokalsjukehus for heile Hordaland, der dei andre sjukehusa i Bergen, på Voss, Odda, Leirvik, osv. vert lagt heilt ned, truleg før eg går av med pensjon. Og det kan fort verta slik at Haukeland vert lokalsjukehus for Sogn og Fjordane i framtida. Og Haukeland som lokalsjukehus vert eit mykje mindre sjukehus enn det Haukeland me kjenner i dag. Det vert nok kun satsa på Rikshospitalet, som kanskje vert lokalsjukehus for heile Austlandet, samt rikssjukehus for heile landet, i langt større omfang som i dag. Og i nord ser eg for meg gravide i fly frå Kirkenes til Tromsø, etter ein 10-50 mils køyretur på dårleg vinterføre i snøstorm, fordi småflyplassane i Finnmark anten er stengt pga. uvêr eller nedlagt. Og folk med hjarteinfarkt må kanskje dra heilt frå Gamvik på Finnmarkskysten for og få operasjon, fordi spesialistane og fagmiljøa er samla eine og åleine på Rikshospitalet. Sjølv har eg både budd i Nord-Norge, og reist i heile Nord-Norge, og veit kva avstander det er der nord. Det er for lettvint og sei at folk bur der dei bur. Det bør heller sjåast på som ein menneskerett.
Det er på tide og ta Sogn og Fjordane som det distriktfylket det er på alvor. Politikarane treng den utfordringa det er og utvikla eit fullstendig godt fagmiljø på ALLE spesialområde også på absolutt ALLE sjukehus, både i Sogn og Fjordane og i resten av landet. Og framtida bør heller verta FLEIRE sjukehus på NYE stader i staden for nedleggjing av det eksisterande. Ressursane finns, både i og utanfor landet, når det handlar om fagmiljø. Den som trur at det finns politisk vilje til og bruka pengar på dette, må tru på julenissen som ikkje kom i år heller. Løysinga er enkel i forhold til viljen til sparekåte politikarar.