Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (tysdag 2. november 2010). Les mer om roperten…

3 personer fra byen Fjærland

Finn 7 feil i denne teksten!

Heisann Johannes Eggen

Vi har trukket ut 3 personer fra byen Fjærland – er du en av dem?

1. David Jensen
2. Johannes EggenMundal
3. Jette Hansen

Hvis du er en av de ovenstående personer så er du kommet til finalen i Klimaundersøkelsen og kan vinne lekre premier, som en miljøvennlig flatskjerm-TV til 8.000 kr!

Du mottar denne e-posten, fordi du har deltatt i en konkurranse
eller undersøkelse på internettet.

1) Fjærland er ikkje by. Fjærland er ei lita bygd der alle kjenner alle.

2) David Jensen bur ikkje i Fjærland, og Fjærland er ikkje by, men ei lita bygd der alle kjenner alle, og det er derfor ikkje muleg å lyge inn ein David Jensen.

3) EggenMundal skal skrivast med mellomrom mellom Eggen og Mundal.

4) Jette Hansen bur ikkje i Fjærland, og Fjærland er ikkje by, men ei lita bygd der alle kjenner alle, og det er derfor ikkje muleg å lyge inn ei Jette Hansen!

5) Eg har ikkje meldt meg på til Klimaundersøkelsen

6) Å kaste ut ein gamal godt brukande tv for å setje inn ein ny tv er uansett ikkje miljøvennleg.

7) Eg har ikkje delteke i dykkar konkurransar eller undersøkingar på internettet.

Dette var faktafeila. Språkfeil og gramatiske feil kan du finne sjølv.

Vist 172 gonger. Følgt av 6 personar.

Kommentarar

Før du kan få gevinsten må du sikkert oppgi personnummer og kontonummer.

humm..blir du marknadsundersøkt og vurdert også no Johannesen hehe,,men du bur no framleis i Fjærland tross alt,,,

Roar, det er ikkje aktuelt å svare på slike e-postar. Brukar slette dei uopna, men denne var sjølvsagt frå privat avsendar, og emnefeltet starta med noko om Fjærland, så eg forstod ikkje det var SPAM før etter eg opna han.

Jarle Olav, du har svart rett på den andre konkurransen: Finn ein rett! Svar: Johannes Eggen Mundal bur i Fjærland, og Fjærland er ikkje ein by, men ei lita bygd der alle kjenner alle, og det er derfor ikkje muleg å lyge frå seg at eg bur der!

Nei, det var heller ikkje rett, for Johannes bur ikkje i byen Fjærland, han bur i bygda Fjærland

Det er rett at eg bur i Fjærland, men feil at Fjærland er by. Då er det vel korrekt?

Er det rett å skrive at Johannes bur i Bokbyen Fjærland?

Annonse

Nye bilder