Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (fredag 22. oktober 2010). Les mer om roperten…
Som kjent fall det ikkje så ofsaleg mykje snø sist vinter. Men eg skal ikkje grave i snøen som fall i fjor. Den har forlengst smelta. Eg skal grave i skiten der snøen smelta. Eg hadde eit innlegg i sommar der eg hevda at det er ein klar samanheng mellom høgt sjukefråver og eit NAV som gjer sjuke og slitne folk sjukare.
Innlegget mitt fekk hovudverneombod Else Kristine Husabø i NAV, til å gå ut i Sogn Avis og slå fast at eg er utan verdi som samfunnsdebattant. I laurdagens Innhogg i Sogn Avis prøver eg å vise korfor eg meinar det er ein samanheng. Heile innlegget vert publisert på Sognabloggen etter midnatt. Reknar med reaksjonar!
Her finn du Innhogget: Snøen som fall i fjor
Kommentarar
http://sognabloggen.origo.no/-/bulletin/show/603468_snoeen-som-fall-i-fjor
I grunn litt enig med deg. Eg har sjølv opplevd for fleire år sidan å ikkje bli trudd av min saksbehandlar ho Nav, da eg fekk diagnose Lupus.
Eg jobba da på den tida i helsevesenet, og måtte omskolerast, fordi revmatalog og fastlege mente eg ikkje hadde noke i den jobben å gjere, fordi det kunne gjere til at sjukdomen blomstra, og eg vart sjukare.
Husker at Nav på død og liv skulle ha meg i en barnehage, enda eg en gong før hadde prøvd dette yrket, men vart så sleten at eg måtte legge meg når eg kom heim, og sov gjerne til neste dag, og etter 3 månadar, så bad min sambuar meg om å finne en anna jobb, fordi eg ikkje var å leve med.
Dette fortalde eg til Nav, og min saksbehandlar presisterte og seie at ho viste beire en meg. Ho hadde hatt andre med Lupus innom sitt kontor, og ho viste at dette skulle gå helt fint. Tok eg ikkje jobben, så mista eg stønaden min.
Så takk til min lege ved tilhøyrandes legekontor. Etter å forklart situvasjonen, så tok han fri for å møte opp med Nav i lag med meg, og det endte opp med at eg fekk begynne på legekontoret, framfor barnehage, fordi ho fortsatt sto på sitt, ho hadde rett.
Eg er ikkje ansatt der i dag, men fy søren for en jobb det var med NAV, og MIN saksbehandlar, og eg forstår godt at noken kan bli sjukare etter å ha vore innom det kontoret.
Men eg må seie en ting til slutt.. Eg fekk ordna meg ny saksbehandlar, og ho var fantastisk. Så ALLE er ikkje like i behandlinga si av delvis sjuke, men mangen burde aldri ha sittet på andre sida av en kontorpult, det er no sikkert.
Eg forstår ikkje at det skal vere slik at sakshandsamarar hos NAV skal kunne stille spørsmål ved sjukemeldingar. Dei har då ingen kompetanse til det?