Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (søndag 17. oktober 2010). Les mer om roperten…

Mykje hardhendt handtering?

Fjorårslamma: minneord

Eg skal levere lam til slakt kommande veke. Det er ikkje med heilt lett hjarte. Ein gjer sitt beste heile lamma sine liv for at dei skal ha det så bra som muleg. Så sender ein dei med ein bil til slakteri. “Berre” ein times transport. Det er vel snart mellom Norvegs kortaste vegar til slakteriet: Ein må tenkje positivt!

I fjor blei berre halvparten av lamma mine slakta som økologiske, sjølv om dei alle var merka som økologiske like før dei reiste herifrå. Eg fekk likevel same oppgjeret for dei andre: For dei fekk eg oppgjer for konvensjonelle + ein kompensasjon som tilsvarte skilnaden mellom konvensjonelle og økologiske.

Eg ringte Nortura og spurte korfor det var slik. Korfor var det skilt på den måten i oppgjeret? Eg høyrde på stemmen til han som svarte korleis han trakk på skuldrene av eit så lite viktig sprøttmål*, æh, spørsmål, meinar eg.

- Det skjer at desse øko-merka er borte når vi slaktar, var Nortura sitt svar.

- Borte? Korleis kan det skje? Lamma var jo merka like før dei vart henta, og merka sat jo bra!

- Det er mykje hardhendt handtering før dei kjem til slakt, var svaret, beint fram og ærleg. Så ærleg at eg ikkje veit om eg heller ville vore spart for det. Men no har eg høyrt det svaret, og det gneg i samvitet. Men kva kan eg gjere med det?

Kanskje det er på tide at vi bønder set krav til korleis dyra vert handsama på veg til slakt? Eller på slakteriet? Lojal som eg er oppdregen til å vere, så skal eg ikkje bruke kallenamnet Tortura, slik somme gjer. Men eg vil arbeide for at dyra eg sender til slakt skal handsamast på ein god måte, ikkje hardhendt eller brutalt. Det fortener ikkje dyra mine.

  • sprøttmål: berre ein tastefeil, så passande at eg let ordet stå slik
Vist 1278 gonger. Følgt av 16 personar.

Kommentarar

Viser kun siste 30 kommentarar — vis alle 102 kommentarar

Har Coop sin eigen økologiske pepsi? Den har eg aldri sett på Coop.

Vet ikke, har lagt merke til at det er lett å finne den hos COOP MEGA

Tenker du på Pepsi raw? Den er ikkje marknadsført eller godkjent som økologisk så vidt eg veit.

Jeg spurte i kassen om det var ny Pepsi, og fikk beskjed om at det var økologisk, tror det var raw?

Pepsi Raw er ikkje Coop sin brus, står ikkje noko om økologisk heller! Viser berre butikkansatte sin manglende kunnskap om KVA varer som er økologiske! Trudde dessutan at økologiske varer alltid skal vera merka med øko merket??

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Pepsi Raw er en kullsyreholdig leskedrikk som ble lansert i 2008 på det britiske markedet, av PepsiCo. På sensommeren 2010 ble produktet lansert i Norge. Den markedsføres som en «naturlig leskedrikk» i og med at den ifølge produsenten ikke er tilsatt kunstige aroma-, farve- eller smaksstoffer.

Ikkje høyr på butikktilsette som tek ei lita løgn for å selje deg noko, Stein Ove. Som Kari Anne sier, godkjente økologiske varer har Debio-stempel, lett gjenkjenneleg.

Jeg vet ikke om det var løgn, eller at hun ikke viste bedre? Men brusen Pepsien var ikke god,Neste gang skal jeg se godt etter om det står økologosk.Debio Stempelet, Johannes.

Raw ekkje noke økologisk. Men den e laga av naturlige tilsetningsstoff. Naturlig koffein, osv. Jenta i kassa ha nok misforstått, mykje forskjellig kvalitet i kassane desverre, sjøl i min eigen stab…:( Pepsi Raw fins forresten i alle butikkar. Rema 1000 ha derimot ein økologisk cola, og den e Debio-stempla. God e han dog ikkje. ;) Ikkje Pepsi Raw heller, etter min smak =) Men eg drikke sjelden brus.

Ribba te Kiwi kosta no forresten 18,90 per kilo. Så mykje e ein gris altso verdt..

Svinekjøtt er billig hele tiden,og dessuten populært og godt kjøtt.Men grisen har en større verdi en kiloprisen tisier.Den er smart,søt,koselig, og sunn å spise.Bare en klarer å skjære bort det smakfulle fettet..

Det er vel delte meiningar om det er sunt å ete kjøt produsert utelukkande på kraftfôr. Nye studier viser at kjøt frå dyr som et mykje anna enn kraftfôr har sunnare feitt mellom anna. Dessutan er det etisk uforsvarleg å ete så mykje kjøt produsert utelukkande på kraftfôr når ein teker på at det svelt i hel 18000 barn kvar dag, og totalt 25000 menneske.

Mulig det Johannes.De oppdager stadig nye ting.Uansett er kjøttet populært og det er klart at prisen har mye å si.De fleste tenker ikke på hvem som sulter om de kjøper billig kjøtt produsert på kraftfor.Dessuten har en alltid hørt at fett fra sau/lam er farligst for oss tross at hvertfall lam eter urter og gress.Har faktisk undret på dette..

Hardhendt handtering av dyr er ikkje greitt! Eg syns heller ikkje det er greitt med hardhendt psykisk behandling av mennesker: Les http://sognabloggen.origo.no/-/bulletin/show/603468_snoeen-som-fall-i-fjor.

Ein liten samanlikning (av hardhendt handtering)

…………til en som er direkte sammenlignbar med den norsk bonde. Norsk oppdrettere har et regelverk for avfall som er helt ulikt det landbruket har. NMF har forsøkt å gjøre en volummessig sammenligning av avfallet fra griseavl, og lakseoppdrett. Norske regler for dyretetthet krever 4 dekar spredningsareal pr fjødselenhet (FOR-2203-07-04-951 paragraf 24.1), og for gris regnes en dyreenhet som 18 slaktegirser (eller 2,5 avlspurker). 4 dekar/18 slaktegris = 0,22 dekar spredningsareal pr. individ. Skulle man brukt det samme spredningsarealet for et gjennomsnittlig oppdrettsanlegg, blir regnestykket 70.000 slaktegis x 0,22 dekar = 15,555 dekar/mål (15,5 kvadratkilometer). Stausen til den norske bonde skal heves,de er pålagt helt andre rammebetingelser enn oppdrettsnæringen. Dette er et konkurransevridende fenomen som er helt uholdbar. Et gjennomsnittlig oppdrettsanlegg på 3120 tonn MTB har det utslippet som refereres over, 70000 slaktegris av 90 kg, og det kommer fra næringen selv.
Den norske bonde driver et mønsterbruk i forhold til oppdrettsnæringen. HEV DITT HODET BONDE, DU PRODUSERER PÅ EN MILJØMESSIG MÅTE. Norsk oppdrettsnæring gjør det motsatte. Dere slåss imidlertid om den samme mattelerken, NMF skal holde fanen høyt i forhold til norsk oppdrettsnæring. Meld dere inn, vi trenger medlemmer og cash til kampen mot oppdrettsnæringen. Her er adressen: www.nmf.no
Har du en oppdrettslaks i fryser’n, tin den, og gi den til en katt du ikke liker!

Fra debatt annan stad på origo: sjå lenke:
http://www.nationen.no/2010/10/21/naring/oppdrett/oppdrettsanlegg/oppdrettsnaringen/kurt_oddekalv/6230714/

Har hørt at hvit kjøtt er bra, kylling

Kylling er kanskje sunt, men det er den mest brutale måten å halde dyr på som vi har i NOrge.

Her skal eg fortelle dykk litt om mine erfaringar som veeterinær i USA: DET er brutalt, det.

Bestialsk landbruk

Eg drog til USA. Der lærte eg å mishandle kyr.

Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 23.mai 2010. Det er fleire som har kontakta meg for å få lov til å republisere denne artikkelen. Send meg ein epost så blir vi enige.

For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla “distriktspartiet” Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfelle godt kjeft om det dei har sett.

Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Forestill dykk vassen kumøkk, diare som sprutar over alt, at alle kyrne har fått halen fjerna med gummistrikk-metoden (kutt blodtilførsel, halen fell av etter nokre veker der den har hengt og rotna) og at dei fleste har store problem med å bevege seg normalt. Dei krummar ryggen medan dei vaggar sakte bortover på ømme bein. Bak dei går ein mann med stokk og ropar. På alle kantar er det maskinlydar og trucks. Temperaturane er over førti grader, det er så varmt at kyrne ikkje maktar ete nok i forhold til kor mykje dei melkar. På enkelte dagar har åtti prosent av kyrne utslag på ketosetest, dei lir av energiunderskot.

Alle slike kyr vert fanga, bundne fast og får ein liter Dextrose, eller sukkervatn, rett i blodet. Mange er så oppstukne på halsen etter sprøyter at der knapt er stadar att å stikke. Sjå føre deg meg som baskar med dei store kyrne, bind dei fast med tau så hovudet står i skrustikke mot jernbåsane, stikk dei i halsen og får skryt for min brutalitet. Eg er ganske sterk, eg har inga frykt for store dyr og vil gjerne imponere mine læremeistrar her ved American Farm of the Year, ein av verdas fremste forskningsfarmar innan melkeproduksjon. Du får unnskylde meg med at eg dette er nokre få år sidan.

Farmen, som har 2 500 melkekyr, er tilknytt eit universitet som utdannar veterinærar. Dei har ansvar for å lære opp morgondagens landbruksforvaltarar.

Tre gongar kvar dag vaggar dei 2 500 kyrne på rekke og rad fram til melkegrava der dei vert melka. Når kyrne nærmar seg melkegrava, går eit straumførande grind ned bak dei. Kvar gong ein ny pulje skal inn i grava, høyrer ein lyden tut-tut, alle kyrne trykker seg saman medan gjerdet bevegar seg framover og gir dei elektriske støt i halen. I melkegrava står illegale meksikanske immigrantar som arbeider sekstentimarsskift og bur i campingvogn i dritten utanfor fjøsdøra. Dei har familie i Mexico som dei aldri får besøkt fordi dei ikkje har papir til å krysse grensa.

Ei av kyrne begynner brått å springe ukontrollert framover, den krasjar inn i veggen og dett i bakken. Hjartestans. Det same hender neste dag, og neste.

Kvar tiande dag sprøyter ein kyrne med melkehormon. Dette er mi oppgåve. Eg stikk tusenvis av kyr på bogen, ved halen, på halsen. Kyrne her kan melke fleire år i strekk. Dette er ikkje normalt. Dei må inseminiserast rundt ti gonger før dei blir drektige. Årsaka til den elendige fruktbarheita er høgt stress og eit enormt produksjonspress.

Fleire av kyrne har kroniske infeksjonssjudomar. Johne’s disease, eller paratuberkulose, sprer seg frå mor til kalv. Når kyrne er nokre få år gamle, slår den ut. Dyra visnar gradvis vekk og dør. Dei går som skuggar i fjøsen. Ein tyner dei til det siste.

Fleire kyr ligg strekk ut på betongen og greier ikkje reise seg. Folk gir dei drabelige spark når dei går forbi. Ein dag køyrer dei ho ut med gaffeltrøkk og dumpar ho inn i ein lastebil. Ho rullar kast i kast innover i bilen. Så forsvinn ho til Mac Donalds.

Fleire kyr vert haldne i live som levande skjellett. Beingrinder med tynt skinn på, håra avskalla i store områder, ligg i sjukebingen. Beina er bundne saman med tau. Dei greier ikkje ete, ikkje drikke.

Hadde denne farmen vore i Norge, hadde den vore politianmeldt og stengt, men her i Wisconsin er den ein suksess. Den er kåra til Farm of the Year i USA, og farmarane er i topp ti sjiktet i USA. Eigarane har kjøpt seg inn i store russiske farmar og driv melkeproduksjon i Midt-Austen. Dei skal ut i verda med produksjonsmetodane sine. Dei flyg Holstein-kyr til Russland, til India, til Afrika.

Virkeligheten der ute er langt verre enn vi er i stand til å forestille oss, her vi sit skjerma bak rosemalte fjøsdører og gradvis undergrev eigen matproduksjon, no sist demonstrert i dei miserable landbruksforhandlingane. The American way kan bli realiteten i Norge om vi ikkje snart får landbrukspolitikarar med ballar. Mat kostar.

Les ellers min kommentar i dagens Klassekampen om veterinærprisar og økonomien i landbruket

Eg håpar folk som meinar norsk mat er for dyr les heile siste kommentaren til Anne Viken. Det er matprisane bøner i Norge blir kritisert for, og vi blir samanlikna med dei som produserer billeg. Men vi vil vel ikkje ha dyrevelferd slik som Anne Viken opplevde på det såkalla mønsterbruket, også kåra til Farm of the Year i USA.

Det er bare å gå inn på Peta sine nettsider og se på avsløringer i amerikansk landbruk.Bare se fra grisefarmen i Iowa så mister en både mat og livslysten.Skrekkscenario uten sidestykke hvor mennesket rår med ren ondskap.
Maten i Norge er dessuten ikke dyr.Viltkjøtt i butikk må en selfølgelig betale for men det er da en selfølge.Ellers er pris på svinekjøtt,kylling,kjøttdeig ganske så lave.Sauekjøtt er billig,lam er litt høyere men ikke mye.

Det Anne Viken beskriver fra sin erfaring fra USA er mildt sagt – ille.

Jeg har tidligere gjort Anne Viken oppmerksom på noe av det som er tilgjengelig på nettet av juridisk forskning, forskning som er preget av definisjonen bærekraftig drift og utvikling, og også til selskapenes ansvar til å innrette sin drift etter bærekraftighetsprinsippet. Selskapsansvar eller corporate governaence som det heter på internsasjonalt.

Slik drift som Anne beskriver burde vært ulovelig, kjøttproduktene fra slike driftsforhold burde boikottes, melkeproduktene likeså.
Hadde det vært noe tak i oss nordmenn hadde vi på offisielt hold, holdt stormende argumentasjoner mot en slik nasjon som behandler sine dyr på en slik måte. Argumentasjonen burde vært i FN regi.

Hvor er den norske Oluf Palme?

Jeg skjemmes. Vår underdanige holdning ift USA der vi blir betraktet som nyttige idioter – Pavlovs hunder – er meget beskrivende.

Men det kan jo være at Anne Viken bare tøyser og tuller, det er jo egentlig å håpe på men jeg tror faktisk ikke så er tilfelle – jeg tror det er så ille.

Mitt svar er: Forbrukerboikott

Kva skal den forbrukerboikotten gå på? Boikott av USA generelt, eller boikott av kjøtt produsert på den måten Anne Viken beskriv? Og skal vi samanlikne alt med storkapitalen i USA og sei at det vi gjer her i landet er så mykje betre at vi kan godta litt hardhendt handsaming av Nortura, Nordfjord kjøt, Fatland og fleire?

Ser ikke at det kommer noe ut av en forbrukerboikott mot USA.

Forbrukerboikott Johannes er et langt og interessant tema.
Jeg skal prøve å belyse litt av det jeg legger til grunn men først, vi skal alle være klar over at det finnes en lov i Norge som regeulerer også dette, loven om boikott.
Den sier i sin hovedsak at ingen har lov til å oppfordre eller til å iverksette boikott, før produsent eller varelevrandør er varslet slik at disse da får tid til å vurdere eller endre det forbrukerene vil boikotte.

Med andre ord, forbrukerne bør varsle før de iverksetter – men da er det også legitimt.

Kva skal den forbrukerboikotten gå på?
Etter min mening bør boikotten gå på de produsenter som beviselig produserer mat etter denne type metoder, eller også boikott av de produsenter som ikke kan dokumentere et forsvarlig dyrehold og dyrevelferd.

I går fikk jeg besøk av en representant for et firma som reiser rundt og selger frossen fisk (torsk).
Mitt spørsmål til han som kom på døren var: Kan du dokumentere at fisken er fanget i områder som ikke står på WWF`s liste over områder hvor torskebestanden er truet? Det er det svært få eller ingen som kan dokumentere og da betyr det at jeg fremdeles holder meg til min grønne diett.

På den måten mener jeg at forbrukere må være beviste på å kreve dokumentasjon på at produktet som tilbys er: Bærekraftig.

Du spør videre: Og skal vi samanlikne alt med storkapitalen i USA og sei at det vi gjer her i landet er så mykje betre at vi kan godta litt hardhendt handsaming av Nortura, Nordfjord kjøt, Fatland og fleire?

Jeg vil svare deg slik: USA har nok kommet noe lengre enn andre land, kanskje, når det gjelder kynisk utnyttelse av dyr, mennesker, miljø enn andre land, derfor er ofte uttrykke storkapitalen i USA brukt.

Men kynisk kapitalutnyttelse som går ut over mennesker og miljø behøver vi ikke å dra til USA for å finne eksempler. Vår egen fiskeoppdrettsnæring er et strålende eksempel på hvordan sterke nasjonale kapitalinteresser driver en like kynisk utnyttelse som eks USA. For særlig laks er det nå så ille at vill laksen er truet av oppdrettslaksen og oppdrettsnæringen, representert ved en fiskeriminister som har store eierinteresser selv, ikke driver noe i nærheten av det som er en bærekraftig utvikling.
Vi behøver ikke gå til USA for å starte en boikott – det ville være mye mer riktig og ærlig om vi startet med vår egen fiskeoppdrettsnæring.

Det samme prinsippet burde vi vurdere ovenfor nasjonale matprodusenter som Nortura, Nordfjord kjøt, Fatland og fleire.

Dersom ikke disse produsentene kan gi oss forbrukere dokumentasjon på at de driver sin virksomhet på en slik måte som ivaretar dyrenes helse og velferd, burde vi oppfordre til at folk handler et annet sted.

Det vi burde etterspørre er: Dokumentasjon på en forsvarlig økologisk drift og samtidig si klart i fra, vi forbrukere vil betale hva dette koster, fordi vi lever i et sivilisert samfunn noe som tilsier vi skal oppføre oss sivilisert ovenfor alle jordens skapninger.

Men de fleste av oss – drar desverre over kjølen på jakt etter billig flesk.

For meg har dette mye med verdighet og anstendighet å gjøre

WTO dukar bordet for big bissniss, stor farmar og multinasjonale selskap. I fotspora av auka konkurranse følgjer auka smittepress, matforgiftningar, antibiotikaresistens, hormoner, genmodifiserte plantar og dyr.

Dette er ein utviklingstrend globalt, ingenting spesielt for USA: det handlar om å demme opp for ei utvikling, neppe om å boikotte. Les resten av artikkelen her

For en fin og velskrevet artikkel Anne, enig også i din analyse av at dette er en utvikligstrend globalt. Men hvis du koker det ned til deg og meg, altså mer eller mindre forbrukere, hva er så ditt svar om hva vi kan gjøre dersom du ikke anser at boikott er svaret?

Foresten Anne, du er blitt sitert nylig i Aftenposten, gratulerer med det

OBS – gårsdagens Aftenpost, kulturdelen side 3, Knut Olav Åmås som siterer deg, var jeg deg ville jeg funnet det smigrende

Steinar: ja såg det. moro!
Boikott vil aldri vere effektiv. Folk gidder ikkje. På same måte som det er mange som gir bæng i å tenke på miljø på andre felt. Då måtte det vere heile land som boikotta, og det vil stride osv, mot internasjonale regelverk etc, ein risikerer motboikott osv og det blir komplisert og politisk umulig. Regjeringer vil ha gjenvalg osv. Det ein gjer må vere spiselig. Og kunnskapsbasert. Skal ein boikotte USA, må ein boikotte Brasil, så Argentina, Mexico, India, Kina and so on. Dette er ein global trend. Ein må inn og påvirke utviklingen i marked og politisk. Ein treng eigentlig ein samfunns- og verdirevolusjon.

Kvifor skal vi eksempelvis vere tvinga til å jobbe fulltid for å ha råd til å leve i vårt samfunn? Fordi det er basert på konsum. Ut på bygda, ned med utgiftene, jobb deltid, legg om livsstilen. Men kor mange vil det? Eller tørr det? Folk er genrelt A4 og lite kreative og lite villige til å gi slepp på goder.

Det virket for Ralph Nader i slutten av 60 årene når han fightet mot bilindustrien i USA – han fikk folk med seg og folk fikk mer sikre biler.

Vi må finne en løsning og det er ikke å gi opp, hva er din løsning?

Du er god på problemanalysen men løsningen Anne?

Jeg har min, tror jeg, og den er kunnskapsbasert men jeg er usikker på hvor spiselig den er, men dagens økonmiske systemer – er de spiselige? Hva er din løsning Anne?

Eg har ikkje ei bastant løysing. Skal ein levere den, må ein først skaffe seg nok kunnskap til å levere denne. Difor er eg ikkje alltid så glad i å lansere løysingar. Dialogen er like verdifull som resultatet ofte, jamfør Habermas, og eg er vel veldig der. Løysingar krever langt meir innsikt enn eg per dags dato vågar påberope meg. Diskutere og analysere derimot, er greit. Altfor mange lanserer løysingar som ikkje har noko med noko å gjere.

Fanden – med dette fikk du æren av å ha innlegg nummer 100, men så er du journalist også.
Jeg liker svaret ditt og måten du svarer på, noe forsiktig og ydmykt – noe Prøysensk, jeg har alltid sans for folk som vil trø varsomt i graset.

Jeg tror ingen har løsningen alene Anne, jeg tror løsningen finnes i fragmentert kunnskap som er tilgjengelig – det er som et puslespill som må settes i sammen.

Men når det er sagt så vil jeg gjerne komme tilbake til endel av det jeg mener kan være løsningen, jeg må bare hente kompetansen, min kone som har lært meg så mye, på stasjonen – min kone Anne – heter Beate.

Har du fått tid til å lese de linkene jeg sendte deg?

Takk til Johannes, for at du deler historien `mykje hardhendt handtering`. Jeg vil bare si at jeg har henvist til den i tråden `mennesker og dyr` som går i Dagsavisen, nye meninger, akkurat nå.
MVH E. Hoen

Annonse

Nye bilder