Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (tysdag 12. oktober 2010). Les mer om roperten…

Skrivekurs

Sogn og Fjordane skrivelag inviterer med dette til kurs på Nordfjordeid laurdag 30. og sundag 31. oktober. Kursstad er Bryggen hotell på Nordfjordeid.

Vi har lagt opp til eit kurs der kvar og ein kan arbeide med eigne tekstar/skriveprosjekt, og legg opp til samlingar der vi les og diskuterar tekstar etter ynskje og behov. Kurset skal ha fokus på eiga skaping og produksjon, og er tenkt som eit inspirasjonskurs for vidare skrivearbeid. Som ein del av dette vil vi utfordre kursdeltakarane til å bidra med 5-minuttars innlegg om sin skrivekvardag, med stikkord som skaparglede, skriveglede, skrivevrede, skrivesperre, dørstokkmili, forfattarspiren inne i ein osv. osv. Vi vil oppfordre til at flest muleg deler litt av sine eigne skriveerfaringar. Dette vert sosialt og moro!

Kursavgifta inklusive hotell med full pensjon blir på rundt 2000 kroner for enkeltrom, og rundt 1800 per person på dobbeltrom. Dette er ei rimeleg investering for folk som likar å skrive, og som har ting liggande som dei kanskje vil gjere meir utav, eller som har konkrete planar og skriveprosjekt liggande i bakhovudet. Meld dykk på til underteikna via ei direktemelding her eller ei direktemelding på twitter. (Følg meg på twitter: @MANNmedGREIP)

Og for all del: Del dette innlegget via alle kanalar (Facebook, twitter, e-post osv) – sjølv om du sjølv kanskje ikkje kan denne helga. Den låge kursavgifta kjem av at vi ikkje brukar pengar på annonsering.

Vist 324 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Påmeldingsfrist: Så snart som råd, seinast 23. oktober.

Bra Johannes, dette blir interessant. Se også diverse innlegg om skriving på “Skriv, vestlenndingar, skriv”

Ja, Roar har skrive mange gode innlegg og tekstar på Skriv, vestlendingar, skriv!

Det er berre å melda seg på. Mange ledige plassar enno. Kontakt meg eller legg igjen kommentar her for fleire detaljar.

Midt i smalahovefest? Da var dårlig planlagt av dei..! :D

Er klar over kollisjonen. Det får ikkje hjelpe. Eg kjem til å ha det like moro laurdagen, og vere mykje friskare sundagen! Det er ein vinn-vinn-situasjon. For meg!

Eit godt gjennomført skrive- og inspirasjonskurs er fullført. Fleire manus vert arbeidd fram med tanke på publisering. Ein av deltakarane kom heim frå kurset til brev frå forlaget sitt om at hans andre manus skal bli til bok. Gratulerer Roar Gulbrandsen!

Annonse

Nye bilder