Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (torsdag 2. september 2010). Les mer om roperten…
NRK Sogn og Fjordane laga ei fin sak om Rundballefestivalen i Fjærland sist helg. Men artikkelen er full av skrivefeil. Mange av dei er feilskrive namn. Dette har eg gjort dei merksam på, tenkte det var i deira interesse å rette opp feila. Skrivefeil er ein ting. Det er sannsynlegvis berre slurv, og ikkje inkompetasne. Å skrive namn feil er ein heilt anna og mykje værre sak. Og når det ikkje ein gong vert retta opp etter at dei har blitt gjort merksam på det syns eg er ille. Det er ikkje berre mangel på respekt for intervjuobjekt eller folk på bilde, det er rett og slett uproffesjonell inkompetanse. Det hadde ikkje vore vanskeleg for journalisten å finne ut korleis namnet til sambygding og fotograf Oddleiv Apneseth skal skrivast?
Kommentarar
Hehe, takk for alle bra!
Eg har fått e-post tilbake frå journalisten bak saka. Han beklagar svikten, og opplyser at feila er retta no. BRA! Du finn link til NRK-saka mellom anna her.