Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (fredag 13. august 2010). Les mer om roperten…

Riksrevisjonen refsar landbrukspolitikken

Den raud-grøne landbrukspolitikken fører til færre bønder og at jordbruksareal vert lagt brakk, og regjeringa vert kritisert for manglande styring. Dersom målet berre er å produsere mest muleg mat billegast muleg, så er politikken vellukka. Men dersom målet er å oppretthalde eit aktivt og variert landbruk i heile landet, så er politikken mislukka. Særleg er jordbruket på Vestlandet (bortsett frå Rogaland) og Nord-Norge utsett.

Det er interessant å sjå at Riksrevisjonen kjem til ein konklusjon og ein kritikk mot dagens landbrukspolitikk som liknar på det vi som bur i distrikta har sett lenge. Men Bondelaget kjenner seg ikkje att i Riksrevisjonen sin kritikk mot regjeringa (ifylgje generalsektretær Per Skorge til Klassekampen). Det må i tilfelle vere fordi Bondelaget er ein interesseorganisasjon som jobbar for industrialisert jordbruk i Rogaland, rundt Oslofjorden og nokre plassar til. Når Bondelaget så direkte seier at dei ikkje forstår denne kritikken, så forstår eg at Bondelaget ikkje lenger er ein organisasjon for meg som bonde på Vestlandet. For det hjelper ikkje å lukke augene for kva som skjer på Vestlandet og i Nord-Norge, berre for å forsvare SP i regjering. For om Bondelaget har opne auge, eller om dei lukkar augene, så er det eit faktum at det er ein stor reduksjon i bruk her på Vestlandet, og stadig meir landbruksjord som vert liggande brakk. Vi treng ikkje ein rapport frå Riksrevisjonen for å sjå det!

Så er det nok ein del forbrukarar som meinar at størst muleg matproduksjon billegast muleg er det beste, og at det ikkje er så viktig å oppretthalde perifere landbruks- og turistdistrikt som Sogn og Fjordane. Det er fordi dei ikkje anar kva konsekvensar det har både for dyrevelferd og kvaliteten på maten. Dei er ikkje klar over at kyllingen dei kjøper på butikken ikkje lenger var i stand til å stå på eigne bein då han vart slakta. Dei er ikkje klar over at industrialiseringa av landbruket gjer at dyra i større grad vert fora på kraftfôr, og at det har konsekvensar for vår eiga helse.

Kommentarar

Takk for alle bra og tilbakemeldingar via e-post og Kvitter!

Veldig bra.
I motsetning til Bondelaget har vi i Bonde- og Småbrukarlaget påpekt denne
utviklingen lenge. Vi er desverre små i forhold til Bondelaget, men har ikke
tenkt å gi opp kampen for en annen utvikling av landbruket. Viktig at det
blir skrevet og informert om utviklingen. Vi trenger forbrukerens interesse
og engasjement og den får vi med økt kunnskap blant folk flest.

Se forøvrig http://www.smabrukarlaget.no/sider/tekst.asp?side=3206 hvor du
kan finne NBS sitt innspill til ny mat og landbruksmelding og synspunkter på
riksrevisjonens rapport.

Med hilsen
Oppland Bonde- og Småbrukarlag
Annette Jørstad
fylkessekretær

(Kommentaren er sendt meg per e-post. Eg har kopiert han inn her med løyve frå A. Jørstad)

Meir landbruksdebatt her:

Ein rundball med namn Soria Moria

Annonse

Nye bilder