Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (laurdag 27. februar 2010). Les mer om roperten…
Hugs at telefonseljarar er lært opp til å manipulere deg til å tru at du gjer ein god handel med dei, uansett kor dårleg produkt dei sel. Det er derfor ein ofte ikkje forstår korfor ein har sagt ja til dei før ei stund etter at samtalen er avslutta! Uansett kor gode tilbod dei kjem med, så vil du sjå at det ikkje er så bra dersom du får tid til å tenke deg om. Det er derfor telefonseljarar ikkje ynskjer å gi deg tid til å tenke deg om, men vil at du skal avtale kjøp med ein gong. Derfor skal du alltid tenke deg om før du handlar med dei. Eller du kan ha det moro med ein av måtane lista opp her:
1.
Avbryt seljaren: – Kan du ringe opp att, denne telefonen er dårleg!
Gjenta om dei ringer opp att.
2.
Be seljaren stave namnet sitt, namnet til føretaket, spør etter adressa deira, etter telefonnummer du kan ringe tilbake og hald på å stille spørsmål så lenge det trengs.
3.
Når telefonseljaren presenterer seg t.d. som Liv-Brita, set du i eit gledehyl og spelar overraska: «Liv-Brita, er det deg? Er det vekeleg deg? Så artig! Korleis går det med deg?»
4.
Ta opp att ordet nei fleire gonger gjennom samtalen. Pass på å variere slik at kvart nei høyrest annleis ut, og bruk gjerne ordet også medan seljaren pratar. Dette er mest moro om du klarar å halde på til dei legg på.
5.
La seljaren presentere bodskapen sin og kommenter berre kort med jaha, seier du det, spennande og liknande. Når seljaren er ferdig og han har brukt tid med deg, svarar du at du ikkje er interessert. Dette må du oftast gjenta ein god del gonger før seljaren, som trudde han hadde deg der han ville, forstår.
6.
Så snart du innser at det er ein telefonseljar legg du røyret frå deg og skrik om hjelp og lagar bråk.
7.
Be telefonseljaren vente litt, du kan unnskylde deg med at du må opne døra for ein dørseljar, eller finne ein anna grunn, så legg du frå deg røyret og let det ligge.
8.
Sei du ikkje har tid akkurat no, men at dei kan ringe seinare. Gjenta kvar gong dei ringer!
9.
Sei du ikkje kan prate akkurat no, men be om seljaren sitt privatnummer, slik at du kan ringe opp att seinare. Når seljaren har forklart at han ikkje vil gi deg sitt nummer, så seier du: «Eg forstår, du likar ikkje at framande ringer heim til deg du heller? No veit du korleis eg har det!»
10.
Sei til seljaren at tida di er dyrebar, at du tek 500 kroner i timen, og at han kjem til å trenge kontonummeret ditt. Les opp eit 11-sifra nummer og gjenta det, og be dei lese det opp att for deg.
Dei fleste av desse metodane har eg ikkje prøvd sjølv. Eg vil takke Hippiepastoren for gode tips!
Viser elles til innlegget Telefonseljarar sel ikkje telefonar på Sognabloggen.
Kommentarar
4 og 8 ha eg gjort, med bra resultat =)
Eit anna tips er å avertere seg mot selgarar; det vil faktisk begrensa dei litt.
Eg forstår ikkje korleis ein reduserar på telefonsal ved å avertere etter dei… Eg har derimot reservert meg, men denne veka har eg hatt fleire seljarar på telefonen likevel. Han siste som ringte i går ville gå rett på kontrakten og fortalde at telefonsamtalen blei teke opp på band til det beste for meg, før han klarte å uttale tydeleg kven han ringte for.
Reservere var ordet eg leitte etter, takk.
Men som eg meinte, det fjernar ikkje telefonsalg, berre begrensar det litt.
Ja, det er desverre sant. Det fjernar berre dei mest seriøse. Her om dagen ringde det ein seljar som sa han brukte å ringe meg kvart år for å advare mot alle dei useriøse seljarane på marknaden. Då tenkte eg at dei seljarane som ringer til ein som har reservert seg i alle fall ikkje er seriøs, uansett kor mykje han hevda at det var alle dei andre som var useriøse.
Det er jo berre å sei rett ut til seljaren at om dei må gå aktivt ut for å leite etter kundar å lokke produktet på, så seier det mest om produktet.
Telefonseljarane har nok funne seg ei favorittgruppe: Eldre folk som synest det er ufint og vere avvisande, og av “gamal telefonskikk” ikkje skal legge på røret før samtala er avslutta, då ofte på telefonseljaren sine premissar. Det tok ikkje lang tid frå far min var død før dei hadde oppdatert seg på mor mi som ein “kjekk” telefonkunde. Desverre nyttar det ikkje å reservere seg så lenge telefonseljaren har eit “gamalt kundeforhold” og plage folk med. Nei det burde være forbudt med lov å drive på denne måten.
ja dessverre så er de eldre en gruppe mennesker som lett blir et offer for telefonselgere,det er både synd og en skam å se at det skjer..
hmm går det ikke an å reservere seg så lenge man er gamle kunder..ante jeg ikke..men greit å vite.
Det er muleg eg tek feil om reservasjon på gamle kundforhold, men mi oppfatning er at dette må takast direkte med oppdragsgjevar.
Jan-Peter: I tillegg seier det noko om produktet når dei ikkje berre går ut for å leite opp kundar, men at dei faktisk er trena til å manipulere, ei framferd vi elles er svært på vakt for.
Norvald og itsonlyme: Det stemmer nok at dei har rett til å ringe kundar, og at reservasjonen då ikkje gjeld. Men det kundeforholdet burde ikkje gå i arv saman med namn frå t.d. ein bestefar…
Norvald:
Tja…
Det er stadig fleire av folka i dagens samfunn som ikkje lenger er på vakt for manipulering lengre. Det takka vera reklame, media, telefon- gate- og dørselgarar og politikarar. Det er så mykje manipulering rundt oss til ei kvar tid at vi legg ikkje så godt merke til alt.